Denne delen av planen vert rullert kvart år, slik at det ikkje er nødvendig å spele inn anlegg som ligg veldig langt fram i tid, bortsett frå større anlegg og gjerne planar om rehabilitering av eksisterande anlegg.
Godkjent plan
Vedlegg for idrett, fysisk aktivitet og fruiluftsliv (PDF, 216 kB)
Handlingsplan Nærmiljøanlegg 2024 - 2027 (PDF, 386 kB)
Handlingsprogram Ordinære anlegg 2024 - 2027 (PDF, 368 kB)
Typar anlegg og nedre kostnadsgrense
Det kan søkjast om spelemidlar til
- ordinære anlegg (for organisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 150.000 kroner
- nærmiljøanlegg (for eigenorganisert idrett og fysisk aktivitet) – nedre grense for kostnad er 50.000 kroner
- rehabilitering av eldre anlegg
- turkart – nedre grense for kostnad er 75.000 kroner
Som hovudregel kan ein få tilskot på inntil 1/3 av godkjent kostnad til bygging/rehabilitering av ordinære anlegg. Til nærmiljøanlegg kan ein få tilskot på inntil 50% av godkjent kostnad, maks kr 300 000.
Kven kan søkje?
For å kunne få spelemidlar er det eit krav at ein har eit organisasjonsnummer, og at prosjektet du vil gjennomføre er tatt inn i Sunnfjord kommune si «Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv». Den blir rullert kvart år gjennom vedtak i kommunestyret.
Oversikt over kven som kan søke spelemidlar til ulike typar anlegg, finn du i rettleiar som ligg på nettsida til regjeringa
Fristar
Innspel til nye anlegg
Meld tilbake til oss innan 9. september om du har planar om prosjekt du vil søkje spelemidlar til. Eigne utfyllande opplysningar kan også leggast ved. Dersom det er feil eller manglar i eksisterande plan, set vi pris på å bli varslar om dette slik av vi kan rette det. Også anlegg som er spelt inn tidlegare, men som ikkje er aktuelle lengre ynskjer vi innspel om.
Innspel kan sendast til
Merk innsending med saksnummer 24/2992
Søknadsfrist spelemidlar
Søknadsskjema for spelemiddelsøknadar i 2024 er opna. Den kommunale søknadsfrist på spelemidlar er sett til 1. Oktober. For eksisterande søknader som ikkje har fått tildeling: hugs å gjenta søknad!
Du søker via Anleggsregisteret sine søknadssider.
Les om ordning med forskotering av spelemidlar
Spørsmål
Vi er tilgjengeleg for å hjelpe både på telefon og e-post og tidspunkt for møte kan utførast etter avtale.
Idrettskonsulent: Inge Larsen
Rådgjevar friluftsliv: Solfrid Trå
Einingsleiar: Anne-Grete N. Rognsøy