Forskotering av spelemidlar

Kommunestyret vedtok 30.april 2020 å opprette eit fond på 5 millionar til forskotering til kommunale og private anlegg i påvente av at desse får løyvd spelemidlar frå fylkeskommunen. Midlane vert sett av til «Forskotering av spelemidlar til anlegg for idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og kulturbygg».

Forskotering kan berre gjevast til anlegg som har ein spelemiddelsøknad som er godkjend av fylkeskommunen, men ikkje får tildeling inneverande søknadsrunde. Anlegg kan få forskotert inntil 100% av godkjent sum spelemidlar, men forskottering kan bli mindre om det er for lite tilgjengeleg midlar på fondet. Forskoteringa er rentefri.

Alle som tilfredsstilla krava til å søkje om forskotering vert varsla med brev sendt  til kontaktinformasjon oppgitt i spelemiddelsøknaden. Brevet vert sendt ut på hausten, etter Vestland fylkeskommune har handsama saker om spelemidlar til idrettsanlegg og kulturhus. Informasjon om søknadsprosess og handsaming vert informert om i utsendt brev, dette skjer fortløpande på hausten.

Kontakt

Profilbilde av Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy
Einingsleiar
E-post
Telefon 57 72 61 14
Mobil 90 65 10 70