Temaplanar for kultur, idrett og frivilligheitEin temaplan er ein administrativ plan om eit spesifikt tema eller fagområde. Temaplanen skal bygge vidare på mål og strategiar i kommuneplanen. Kulturmiljøplan for Sunnfjord kommune Målsettinga med kulturmiljøplanen er å auke kunnskapen om kulturminna i Sunnfjord, ta vare på desse og gjere dei tilgjenglege , og sikre ei god forvaltning av kulturminna i kommunen. Kulturmiljøplanen handlar om kunnskaps- og opplevingsverdiane. Men dei meir immaterielle kulturuttrykka er òg sentrale. Planen er delt opp i sju kapittel. Første kapittelet omhandlar kulturminne av nasjonal eller regional verdi. Kunnskaps og opplevingsverdi er brukt som kriterium for vurdering av verneverdi vidare i kapittel to, tre og fire. Heile kapittel fem omhandlar den immaterielle kulturarven. Kapittel seks handlar om kulturminne knytt til samfunnshistoria og fellesskapet. I handlingsplanen vert 16 konkrete forslag til prioriterte tiltak presentert.Les kulturmiljøplan for Sunnfjord kommune 2023–2030Planen bygger på vedtekne kulturminneplanar for Gaular, Jølster, Naustdal og Førde:Kulturminneplanen for Førde kommune 2018–2030 (PDF, 15 MB)Kulturminneplan for Naustdal 2017-2020 (PDF, 5 MB)Kulturminneplan for Gaular kommune 2021-2023Kulturminneplan for Jølster kommune 2021-2023 Kommunal plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv Sjå plan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv (PDF, 216 kB)Les om spelemidlar Har du spørsmål, så kontakt oss gjerne;Kommunalsjef kultur og idrett Anita Nordheim eller rådgjevar folkehelse og plan Catrine Vagstad Strategi for utvikling av Førdehuset Førdehuset fyller 50 år i 2026, og delar av huset treng ei oppgradering. I tillegg er det ønskjer frå fleire av dagens brukarar om å utvikle og utvide eigne aktivitetar og lokalitetar, i tråd med dagens standard og krav/ønskjer frå publikum. Strategi for utvikling av Førdehuset (PDF, 329 kB) Handsaming i kommunestyret 17. juni 2022 Les rapport mulegheitsstudie Førdehuset 2021 (PDF, 8 MB) Les meir om forprosjektet til Førdehuset Plan for kultur, frivilligheit og inkludering Plan for kultur, frivilligheit og inkludering er ein overordna temaplan for Sunnfjord kommune. Den er eit styringsdokument der vi løftar blikket og bygger på ambisjonane til kommuneplanen sin samfunnsdel. Denne planen set fokus på kultur og idrett, frivilligheit og inkludering i Sunnfjord kommune. Kulturlivet skal ha mangfald, og det skal vere sterkt og uavhengig. Kultur utvidar forståinga av oss sjølve og samfunnet vi lever i. Eit mangfaldig kulturliv er ei skapande kraft som legg til rette for gode møteplassar, og bidreg til demokrati, deltaking og medverknad. Kommunalplan for kultur, frivilligheit og inkludering (PDF, 5 MB)Har du spørsmål, så kontakt oss gjerne;Kommunalsjef kultur og idrett Anita Nordheim eller rådgjevar folkehelse og plan Catrine Vagstad Plan for friluftslivets ferdselsårer Sunnfjord kommune har laga ny kommuneplan for kultur, frivilligheit og inkludering, som inkluderer idrett og friluftsliv. Samstundes er det nasjonalt oppfordra til at alle kommunar har ein plan for friluftslivets ferdselsårer (jf. Regjeringa sin Handlingsplan for friluftsliv). Denne planen omhandlar av dei grunnar både friluftslivets ferdselsårer og områder, og er vedlegg til kommuneplanen for kultur, frilvilligheit og inkludering. Miljødirektoratet har det nasjonale prosjektansvaret for friluftslivets ferdselsårer og fylkeskommunen er regionalt prosjektansvarleg og bistår kommunane med m.a. tilskot og rettleiing. Målet med ein eigen plan for friluftslivets ferdselsårer og områder er å samle alle turrutene og turmåla på ein stad, få fleire ut på tur og auke tilgjengelegheita. Resultatet frå arbeidet bidreg til auka kunnskap, slik at vi kan vedlikehalde og utvikle ferdselsårene/friluftslivsområda i kommunen vår. Planen skal sikre at nye tur-ruter vert etablert der det er behov for dette, og at omsyn til andre interesser og naturverdiar vert ivareteke. I tillegg blir informasjonen lettare tilgjengeleg for dei som skal arbeide med stiane i saksbehandling og arealplanlegging, for interessegrupper og i leiteaksjonar.Sjå plan for friluftslivets ferdselsårer (PDF, 2 MB)Har du spørsmål, så kontakt oss gjerne;Einingsleiar – Idrett og friuftsliv, Anne-Grete Nøttingnes Rognsøy eller rådgjevar – Idrett og friluftsliv, Solfrid Trå. Veteranplan for Sunnfjord kommune Sunnfjord kommunestyre vedtok i dag 13.12.24 veteranplan for Sunnfjord kommune.Ein veteran er ein som har delteke i ein eller fleire internasjonale operasjonar/tenester. Nordmenn har ofte tenestegjort i krevjande og farlege situasjonar. Dei skal anerkjennast for den jobben dei har gjort. For nokre kan tenesta gje både fysiske og psykiske skadar. I ytterste konsekvens kan tenesta føre til tap av liv.Sunnfjord kommune er den største veterankommunen i gamle Sogn og Fjordane, og bør derfor ta eit regionalt ansvar. I regjeringa sin oppfølgingsplan «I teneste for Norge» (2014) vert kommunane oppmoda om å utvikle kommunale planar for å sikre Norges veteranar frå internasjonale operasjonar/tenester eit best mogeleg tilpassa tenestetilbod. Vedteken veteranplan for Sunnfjord kommune Sist endra 13.12.2024 15.07