Redusere transportbehovet gjennom samordna bustad, areal- og transportplanlegging med vekt på mobilitet til fots, sykkel og kollektivtransport.
Legge til rette for høg arealutnytting i by- og senterområde gjennom fortetting og transformasjon. Det skal leggast vekt på god arkitektur, byrom, kulturmiljø, trafikktryggleik, blågrøn struktur og andre miljøverdiar.
Ny bustadbygging i kommunen bør skje innanfor vekstsonene kring senterområda våre (sjå strategisk temakart i fig. 9 i planen). I løpet av ein 12 års periode skal det utarbeidast kommunale reguleringsplanar/ sentrumsplanar for å sikre tenestene i sentera våre.
- Sunnfjord kommune vil sikre gode bumiljø i alle livsfasar og stimulere til ein differensiert bustadmarknad i ulike delar av kommunen.
- Kommunen skal gjennom bruk av LNF-spreidd bygging, samt utarbeide føresegner i arealdelen, ta heile kommunen i bruk.
Arealdelen må ta stilling til kva område som skal utviklast til plasskrevjande handel og konsekvensar i høve eksisterande sentrum. For Førde sin del vil arealdelen sjå på ulike utbyggingsmønster og konsekvensar av alternativa.
Område avsett i gjeldande kommuneplanar til bygg og anlegg som ikkje er regulerte, og som ikkje er i samsvar med statlege planretningsliner for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, skal vurderast særskilt i høve ny plan.
Nye utbyggingsområde vil utnytte eksisterande infrastruktur så langt det lar seg gjere. Tilkomst til viktige frilufts- og naturområde bør sikrast.
Bygging av fritidsbustader vil i hovudsak skje ved fortetting i tilknyting til eksisterande område for fritidsbustader eller i område som vert tilrettelagt for fritidsbruk, reiseliv og naturopplevingar.
Arealbruken i Sunnfjord kommune bør vere klima- og arealnøytral.
Lokalisere og utvikle utbyggingsområde tilpassa konsekvensane av klimaendringane. Det skal leggast stor vekt på samfunnstryggleik i nye og eksisterande byggeområde.
Masseoverskot frå større vegprosjekt i Sunnfjord må bukast samfunnsnyttig. Dersom massane må deponerast, skal ringverknadene for natur og miljø vere minst mogeleg negative.
Produksjonsareal for jord- og skogbruk, natur med viktige økosystemfunksjoner, viktige friluftsområde og kulturminneverdiar bør takast omsyn til i arealplanar og utbyggingssaker. Det bør gjennomførast eit arealrekneskap som viser konsekvensane av utbygging av dyrka mark eller naturområde.
Utbygging i strandsona og langs vassdrag bør ikkje forringe kvalitet og verdiar som råkar ålmenne interesser som til dømes ferdsel, tilgang og naturmangfald. Samstundes bør det leggast betre til rette for kaier og sjøretta næring i Sunnfjord.