Kommuneplanen sin samfunnsdelRevidert kommuneplanen sin samfunnsdel, vart vedteke i kommunestyret 29. november 2026. Planen er for perioden 2026–2032. Kommuneplanen seier noko om korleis kommunen skal utvikle seg, og er det overordna styringsverktøyet for kommunen.Kommuneplanen sin samfunnsdel 2026–2032 Hovudmål Sunnfjord - kvalitet for deg, kraft for regionen Sjå kommuneplanen sin samfunnsdel 2026–2032 (PDF, 3 MB) Delmål 1: Gode kvardagsliv StrategiSunnfjord er ein god plass å bu heile livetSunnfjord er inkluderande og trygtSunnfjord sikrar samfunnstryggleik og beredskapSunnfjord sikrar handling for klimaet Delmål 2: Regionmotor på Vestlandet StrategiFørde er ein sterk regionbySunnfjord har eit mangfaldig arbeidslivSunnfjord er eit kulturelt tyngdepunkt Overordna strategiar for arealplanlegging i Sunnfjord kommuneSunnfjord er i vekst. For å sikre gode kvardagsliv og utvikle kommunen som regionmotor, må arealbruken ha tydeleg og heilskapleg styring.Overordna prinsippDet er eit mål at arealutviklinga er klimavenleg, trygg, berekraftig, og bidreg til arealnøytralitet. Vi skal bruke areala betre ved gjenbruk og fortetting i sentrum og senterområda, og sørgje for god tilgang til kollektivtransport, natur og tenester. Naturmangfald, jordvern og samfunnstryggleik er grunnleggjande omsyn. Vi skal ta heile kommunen i bruk.Berekraftig areal- og transportutviklingVi samordnar bustad-, areal- og transportplanlegging for å redusere transportbehovet og styrkje kollektivtilbod, gang og sykkelUtbygging skal prioriterast i sentrum og senterområda, der eksisterande infrastruktur kan nyttastNye område skal lokaliserast utanfor flaum-, skred- og erosjonsfare og bidra til klima- og arealnøytral utviklingNæringsutviklingPlasskrevjande næring bør lokaliserast til dei etablerte næringsklyngeneNæringsutvikling i heile kommunen er velkomenSamfunnsnyttig bruk av overskotsmassar frå vegprosjekt, tildømes til jordforbetring og rassikringBustadutvikling og gode bumiljøNy bustadutvikling bør skje i og rundt senterområda for å sikre nærleik til tenester, trygge nærmiljø og korte kvardagsreiserSpreidd bustadbygging i LNF-område skal vere eit supplement der det styrkjer eksisterande grender og ivaretek omsyn til jordvern, naturmangfald og tryggleikFritidsbustader bør som hovudregel utviklast ved fortetting i etablerte område. Nye hyttefelt kan vurderast i områder som vert tilrettelagt for fritidsbruk, reiseliv og naturopplevingarKlima, natur, kulturmiljø og samfunnstryggleikUtbygging skal tilpassast klimaendringar, unngå risikoområde og bør i størst mogleg grad ta vare på naturmangfald, karbonrike areal, kantsoner og kulturmiljøArealrekneskap er eit hjelpemiddel for å redusere nedbygging av dyrka mark og verdifull naturSenterstruktur og Førde som regionmotorFørde sentrum skal ha særlege vekstvilkår, med besøksintensive tenester og byfunksjonarByutviklinga skal gjere sentrum meir gang- og sykkelvenleg, utvikle gode møteplassar og redusere bakkeparkering til fordel for grøne byromSenterområda skal vere naturlege knutepunkt i sine omland og styrke lokalsamfunna Sist endra 04.11.2026 15:02