Byggeprosjekt nye Sande skule

Sande barne- og ungdomsskule omfattar årsstega 1til 10 og ligg i Sande sentrum. Sande skule var bygd i 1967og har blitt bygd på i fleire steg fram til 2013. Ved siste utbygging vart det bygd ny Fleirbrukshall og rehabilitering av skuledelen i Fløy D med mindre tilbygg for supplerande læringsareal. Sande skule rommar per i dag omtrent 280 elevar og 45 tilsette. 

Vedtak om rehabilitering og utbygging

I juni 2022 vedtok Sunnfjord kommunestyre at Sande skule skal rehabiliterast og byggjast ut. Målsettinga for prosjektet er å få tilrettelagd ei skule for 300 elevar og omtrent 50 tilsette. Det blir satsa på arealeffektive løysningar gjennom fleirbruk og sambruk av lokale. Skulen sine  lokale skal planleggast og tilpassast for aktiviteter utanom kjernetid som for eksempel Kulturskuleundervisning. 

Teknisk tilstandsrapport

Sweco AS og ARKI Arkitektar utførte ein teknisk tilstandsrapport i 2019 for eksisterande bygg med ei tilråding til Gaular kommune. Den tekniske rapporten konkluderte med at det i hovudsak er Fløy A, B, C og E som treng rehabilitering og utbetring. I utgangspunkt har skulen ein god og ryddig planstruktur, men det er behov for utbygging da det er arealmanglar knytt til garderobar, grupperom, lærararbeidsplassar og generelt gode fellesareal. Samla arealbehov for skule er estimert til å være omtrent til ca. 5000 m2.

Berekraftig utbygging

Prosjektet på Sande skule skal gjennomførast så berekraftig som råd og er plukket ut som pilotprosjekt for Sirkulære Sunnfjord. 

Tidslinje forprosjekt nye Sande skule

Vedtak kommunestyre

Juni 2022

Sunnfjord kommunestyre vedtok i juni 2022 utbygging og rehabilitering av Sande skule.

Sjå vedtak Sande skule

 

Førebuing av forprosjekt

September 2022 

Utlysing av konkurranse – forprosjekt

Val av arkitekt

Ti tilbydarar leverte anbod. HRP AS har total best samla score etter tildelingskriterie på pris, kompetanse og løysingsforslag.

Sjå heile saka: 23/1346 - Sande skule - evaluering av tilbod og tildeling av tilbyder Prosjektnummer 170025

Februar 2023 

Oppstart av forprosjekt

Mars 2023 

Brukarmedverknad

Vi ha gjennomført ein tideleg brukarmedverknad på Sande skule med spørjeundersøking og workshop.

Vår 2023 

Ferdig forprosjekt

Oktober 2023 

Brukar involvering

Hausten 2023

Ferdig konsept og layout for «Nye» Sande skule

November 2023

FAU møte

Presentasjon av konsept og tilbakemelding på drift av skule under byggeperiode - 15 november

Skisseprosjekt ferdig

April 2024

Utlysing av konkurranse for total entreprise

April / mai 2024

Tildeling total entreprise

Juli / august 2024

Detalj prosjektering

HT 2024/ VT 2025

Byggestart

VT 2025

Kontakt

Marika Peterson
Prosjektleiar bygg- og eigedomsforvaltning
E-post
Telefon 57 72 20 00