Oppstart av arbeidet med sanitærbygg og garasje i Hafstadparken Sunnfjord kommune og Førde idrettslag skal bygge garasje og sanitæranlegg i Hafstadparken. Arbeidet er starta opp og skal etter planen vere ferdig i desember 2024. ARKI Arkitektar Kort om planarbeidetPlassering av tiltaka er synt på situasjonsplanen.Garasjen er plassert søraust for kunstgrasbane 1 ved tennisbanene. Garasjen skal ha tre rom med tilkomst gjennom fire portar og skal nyttast til lagring av utstyr.Sanitæranlegget er plasser mellom rundkøyringa og kunstgrasbane 1. Sanitæranlegget, vil vere opent for allmenta, skal ha tre toalett, der eit av dei er RH-toalett, i tillegg er der eit reinhaldsrom.Formspråket til nybygga skal vere slik som FIL-huset (Førde Idresslag sitt hus).Sunnfjord kommune har inngått totalentreprisekontrakt med Åsen & Øvrelid AS om bygging av sanitærbygg og garasje.Arbeidet er starta opp og skal etter planen vere ferdig i desember 2024.Sjå viktige dokument i sakavarsel om oppstart (PDF, 362 kB)Situasjonsplan ARK teikningar (PDF, 2 MB)Sanitærbygg ARK teikningar (PDF, 767 kB)Garasje ARK teikningar (PDF, 2 MB)Har du spørsmål?Du kan ringe eller sende e-post til Thor Ove Farsund om det er noko du lurer på.e-post: Thor.Ove.Farsund@sunnfjord.kommune.notelefon: 57 72 61 06 Sist endra 15.07.2024 13.26