Detaljregulering Ytre Øyrane, gang- og sykkelveg – planvedtak

Sunnfjord kommunestyre vedtok Detaljregulering Ytre Øyrane,  gang- og sykkelveg, gbnr. 21/37 i møte 27.05.2025.

Kartutsnitt som viser planområde for sykkelveg, Ytre Øyrane - Klikk for stort bilete Flyfoto henta frå GISline, kart utarbeidd av Norconsult AS

Vedtak i kommunestyret

Sunnfjord kommune vedtek detaljregulering Ytre Øyrane, gang- og sykkelveg plankart datert 28.04.2025 og føresegner sist revidert 12.03.2025, i samsvar med pbl § 12-12. 

Kort om planen 

Planforslaget endrar på gang- og sykkelvegen langs vegen Øyrane, slik den er regulert i områderegulering Ytre Øyrane. I områdereguleringa er det lagt opp til fortau og sykkelveg på nordsida av vegen, medan det på sørsida er lagt opp til fortau, med gangveg gjennom Rotaryparken. I planforslaget vert både fortauet og sykkelvegen nord for vegen fjerna, men arealet sikra ved bruk av føresegnsområde til ei framtidig utbygging av fortau/sykkelveg. Sykkelvegen vert samla i ein gang-/sykkelvegløysing på sørsida av Øyranevegen, med unntak av eit parti forbi Storegården.

Planen er endra sidan høyring og offentleg ettersyn. 

Ved endeleg vedtak erstattar Ytre Øyrane, gang- og sykkelveg med planident 4647-20230001 del av gjeldande planar:

  • områdereguleringsplanen Ytre Øyrane (plan-id.: 4647-143220130001)
  •  detaljregulering Ytre Øyrane (plan-id.: 4647-20200004)
  •  detaljregulering Concord (plan-id.: 4647-143220170004)
  • detaljregulering Ytre Øyrane/Skaparhuset, Gbnr 21/648 (plan-id.: 4647_20200005)

Sjå viktige dokument i saka

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.

 

Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Les meir om klage på plansaker

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.

Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune med saksnummer: 22/11638.

Send klage på eDialog eller per post.

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde

Dersom du får avslag i kommunen, blir klagen sendt til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerd.

Lovverk