Klage på vedtak i areal- og byggesaker

Rett til å klage over forvaltningsvedtak

Klagerett

Du har rett til å klage på eit vedtak dersom du er part i saka. Du har også klagerett om du har rettsleg klageinteresse i saka.

  • For at du skal vere part i saka, må vedtaket rette seg mot deg, eller direkte gjelde deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg), eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Vi vurderer i kvart enkelt tilfelle om du har rettsleg klageinteresse.

Kven skal du klage til?

Klaga sender du til kommunen som er forvaltningsorganet. Dersom vi ikkje endrar vedtaket som følgje av klaga, sender vi den til klageinstansen som er Statsforvaltaren i Vestland. Klageinstansen tar endeleg avgjerd i saka.

Klagefrist

Fristen for å klage er tre - 3 - veker frå du fekk brevet om vedtaket, eller burde gjort deg kjend med vedtaket. Du må sende klaga innan fristen. Dersom du klagar for seint kan vi sjå vekk frå klaga. Du kan søkje om å få lengre klagefrist, og må då oppgje årsaka til at du ynskjer det.

Har du ikkje fått vedtaket er fristen tre veker frå du blei kjend med vedtaket, eller burde ha skaffa deg kjennskap til det. For vedtak som blir offentleg kunngjort er klagefristen tre veker frå kunngjeringsdagen.

Om du klagar for seint kan vi likevel handsame klaga etter i konkret vurdering.

Rett til å krevje grunngjeving

Dersom du meiner vi ikkje har grunngjeve vedtaket kan du krevje ei grunngjeving før klagefristen går ut. Ny klagefrist blir då rekne frå den dagen du får grunngjevinga.

Slik klagar du

Klagen må vere skriftleg. Den må vere sendt i brev, e-post eller levert ved oppmøte. Send klagen elektronisk via eDialog, eller til postmottak@sunnfjord.kommune.no.

Du kan også sende klage i brev form til Sunnfjord kommune, postboks 338, 6802 Førde.

Innhaldet i klaga må vere presisert:

  • Skriv at det er ei klage.
  • Kva vedtak du klagar på, som saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
  • Årsaka til at du klagar.
  • Kva endringar ynskjer du.
  • Om du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka, er det viktig at det går fram.
  • Klagen må vere underskriven av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.

Utsatt iverksetting

Sjølv om du har klagerett kan vedtaket til bli satt i verk med det same. Men du kan søke om å få utsatt iverksetting av vedtaket til klagefristen er ute, eller til klaga er avgjort. Søknad om utsatt iverksetting krev skriftleg søknad.

Rett til å kreve innsyn og rettleiing

Du har rett til å kreve innsyn og sjå dokumenta i saka. Relgane om innsyn er å finne i forvaltningslova § 18 og § 19. Du må i tilfelle ta kontakt med kommunen. Du vil då få nærare rettleiing om retten til å klage, om framgangsmåten og om reglane for saksgangen. Les meir om rett til innsyn her.

Sakshandsamingstid

Kommunen skal handsame klager i byggesaker innan 8 veker. For saker som gjeld arealplan er fristen 12 veker.

Dersom klagen ikkje vert tatt til følgje, vert den sendt til Statsforvaltaren for avgjerd. Statsforvaltaren skal handsame klaga som endeleg klageinstans innan 12 veker.

Kostnadar med klagesak

Dersom klagen din blir tatt til følgje og vedtaket blir endra til din fordel, kan du etter forvaltningslova ha krav på å få dekt kostnadar som har vore naudsynt for å få endra vedtaket. Statsforvalataren eller din advokathjelp kan gje nærare opplysningar om dette.

Klage til Sivilombodsmannen

Dersom du meiner at du har vore utsett for urett frå den offentlege forvaltninga, kan du klage til Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen kan ikkje sjølv endre vedtaket, men kan gje si vurdering av korleis den offentlege forvaltninga har handsama saka, og om dei har gjort feil eller forsømt noko.