Detaljregulering Sandtak Vie – høyring

Detaljregulering Sandtak Vie er lagt ut på høyring.
Høyringsperioden er 10.10.2024 – 22.11.2024.
 

Utklipp av plankart Sandtak Vie - Klikk for stort bilete

Kort om planen

Planområdet ligg på Vie, om lag 3 km søraust for Førde sentrum og er om lag 181 dekar.
Formannskapet vedtok å sende planen til høyring og offentleg ettersyn i møte 03.10.2024. 
Planframlegget legg til rette for utviding av eksisterande masseuttak. 
Ved endeleg vedtak erstattar detaljregulering Sandtak vie med planID 4647_143220080002 gjeldande reguleringsplan Sandtak Vie (Hallgeir Vie), planID 4647_143219930054, vedteke 16.06.1993. Dette gjeld også alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegn.  
 

Viktige dokument i saka

Sei di meining innan 22. november

Kommunen inviterer innbyggarar og andre aktørar til å seie si meining om planen. Fristen for å sende inn innspel er 22. november 
Du får ikkje svar på innspelet ditt, men alle innspel blir lagt ved i den vidare saksbehandlinga. Innspel som blir sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Bruker du e-post, vil e-postadressa di bli offentleg tilgjengeleg.


Slik sender du innspel

Du kan sende innspel i elektronisk i skjema: 
Send innspel til sak 20/99


Du kan også sende innspel i post eller på e-post, då må du merke saka med saksnummer 20/99.
•    postmottak@sunnfjord.kommune.no 
•    Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde

Har du spørsmål?


Du kan ringe eller sende e-post til Anniken Heggedal om det er noko du lurer på.

Lovverk

  • plan- og bygningslova § 12-10
     

Sjå innkomne innspel og andre dokument 


Her finn du alle dokument som er arkivert i denne saka. Du finn også innspela som er sendt inn.