Vedtak i kommunestyret 24. april 2025
Kart utarbeidd av Norconsukt for Førde småbåtklubb
Sunnfjord kommune vedtek detaljregulering Førde Småbåthamn, med plankart sist revidert 29.mars 2025 og føresegner sist revidert 19.mars 2025, i samsvar med pbl § 12-12.
Ved endeleg vedtak erstattar Førde småbåthamn, med planID 4647_20200041, del av gjeldande områderegulering Ytre Øyrane, planID 4647_143220130001, vedteke 26. oktober 2018. Dette gjeld også alle seinare planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegn.
Kort om planen
Planforslaget legg til rette for at føremålet småbåthamn er føreslege kombinert med føremålet campingplass. Dette er gjort for at Førde Båtklubb skal kunne leige ut parkeringsplassar til bubil.
Sjå viktige dokument i saka
Informasjon om rettsverknad av detaljreguleringsplan.
Klage på vedtaket
Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.
Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering.
Informasjon om klage
Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune med saksnummer: 20/17399
Meir informasjon om saka
Lovverk
• plan- og bygningslova § 12-12
• plan- og bygningslova §12-4
• plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3