Kulturskulen tilbyr søskenrabatt på 25%.
Familiar med fleire barn i kulturskulen betaler då mindre frå og med barn nummer 2.
Søskenrabatt gjeld ikkje materialkostnad og instrumentleige.
Friplassar:
Kulturskulen har 20 friplassar til familiar med låg inntekt.
For å søkje friplass, må ein først ha søkt om, og fått tildelt, elevplass ved kulturskulen. Friplassar må søkjast for kvart skuleår. Friplassar kan berre søkjast for elevar under 18 år. Elevar kan kun ha ein friplass.
Om ein kan få tildelt friplass avheng av familien si samla inntekt. Før de søkjer om friplass, sjekk den gjeldande inntektsgrensa.
Link til inntektsgrensa per år per husstand
Krav til dokumentasjon er skatteoppgjer for førre inntektsår frå føresette.
Om inntektssituasjon har endra seg betydeleg i løpet av året, er de pliktige å informere kulturskulen om dette.
Kulturskuletilboda visuell kunst og teater krev materialkostnadar som blir fakturert uansett om ein har friplass eller ikkje.
Søknad sendast til rektor.
trude.skarvatun@sunnfjord.kommune.no