Støttekontakt

Støttekontakt er eit tilbod til personar som har behov for sosialt samvær eller støtte for å delta i aktivitetar utanfor heimen. 

Kven kan få tilbodet?

Barn og vaksne som har behov for å få hjelp til å ha eit sosialt liv og ei meiningsfull fritid.

Kva får du?

Støttekontakt er ein person som kan hjelpe deg gjennom sosialt samvær eller følge deg til ulike fritidsaktivitetar. Støttekontakten kan vere med deg å gå turar, gå på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar. Hjelpa vert gitt etter dine ønsker. 

Støttekontakten treng ikkje ha fagleg bakgrunn, men vil kunne få råd og rettleiing av rettleiar med fagkompetanse.

Slik søker du

  • Du må sende ein skriftleg signert søknad. 
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samtidig fylle ut eit fullmaktskjema  (PDF, 576 kB)og legge ved søknaden. 

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om støttekontakt. 

Søk om helse- og omsorgstenester elektronisk

Søk om støttekontakt papirskjema

Kva kostar det?

Tenesta er gratis, men utgifter til aktivitetar må du dekke sjølv.

Du kan ha rett til følgjekort, som gjer at støttekontakten din får gratis eller billigare inngang mange stader.

Korleis blir søknaden behandla og kor lang tid tek det?

  • Når du søker om helse- og omsorgstenester er det tildelingseininga som behandlar søknaden. 
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, sender vi ei skriftleg melding om grunnen til det. 

Kan du klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du fekk brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen som siste klageinstans. 

Vil du jobbe som støttekontakt?

Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode.

Har du spørsmål, ta kontakt med