Sunnfjord kommune

Bli støttekontakt

Bli støttekontakt

Som støttekontakt får du lønn av kommunen for å hjelpe eit anna menneske til å få eit meir sosialt liv og ei aktiv fritid. 

Behov for støtte- og treningskontakt

Det er mange i Sunnfjord kommune som treng støtte- eller treningskontakt. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre har større behov. 

Dette kan vere personar som har vanskar med å kome seg ut på eiga hand, eller som på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid. 

Krav til søkar

  • vere over 16  år
  • ha politiattest og skrive under på teiepliktskjema

Du bør vere sosialt engasjert, ha evne til å finne på aktivitetar og finne glede i å hjelpe andre menneske. For å skape stabilitet for personen du skal hjelpe, bør du kunne binde deg over ein lengre periode. 

Slik søker du

Søk om å bli støtte- eller treningskontakt

Kva skjer vidare?

Vi tek kontakt med deg for eit lite intervju. 

Har du spørsmål, ta kontakt med

Kontakt

Andrea Hegrenes
Støtte- og treningskontakt
E-post
Mobil 908 11 667

Eining: Aktivitetseininga

Tenestetorga er her for å hjelpe deg
E-post
Telefon 57 72 20 00