Du kan få følgekort dersom du har nedsett funksjonsevne og treng å ha med følge i samband med transport og kultur- og fritidsaktivitetar.
Følgekort er eit kort som viser at du treng følgeperson. Du bestemmer sjølv kven som skal vere følgeperson. Det treng ikkje vere same person kvar gong.
Følgekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig.
Sjå nettsida til helsenorge.no for meir informasjon om følgekort (ledsagerbevis).
Kvar gjeld kortet?
Følgekortet skal gjelde i heile landet der arrangørar, transportselskap eller instutisjonar som krev inngangspengar har akseptert ordninga. Fordi kortet ikkje kan nyttast alle stadar, må du sjølv ofte undersøke om kortet vert akseptert på den aktuelle staden.
Sunnfjord kommune oppmodar arrangørar om å skrive ut og henge plakaten godt synleg dersom ein kan nytte følgekort på dykkar arrangement.
Plakat for følgekort (PDF, 55 kB)
Kva kostar det?
Det kostar ingenting å få følgekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgeperson gratis der følgekort vert akseptert.
Kor lang tid tek det å behandle søknaden?
Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg, og prøver å gi deg eit svar innan 14 dagar.
Har du spørsmål, ta kontakt med
Tenestetorga på telefon 57 72 20 00
Kan du klage om du ikkje får innvilga søknaden?
Får du ikkje tilbod om følgekort, gir vi deg ei grunngiving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist.
Lov