Skilting av Hjartesona

Vi har skilta Hjartesona vår med eigne Hjartesoneskilt!


Skilta skal hjelpe oss alle til å hugse på kvar Hjartesona startar, og at Hjartesona varer døgnet rundt.  Vi har derfor plassert opp skilt ved alle innkøyringane på både barneskulen og ungdomsskulen.

Foto: Rektor

Hugs på at Hjartesona startar rett før Jølstrahallen og at ein ikkje skal køyre inn her verken i skuletid, på kveldstid eller i helgar. I tilkomsområde er det berre lov for skulebussane å stå før og etter skuletid. Dei med gyldig handikap-oblat kan og parkere på handikap-parkering i området her, og skulen kan ta imot varelevering. 

Det er montert eigne skilt for å vise kvar vi har bestemt at vi skal ha droppsone. På barneskulen er droppsona nede ved Gjesthalla, mens den på ungdomsskulen er ved personalparkeringa nedanfor murbygget. Desse skal brukast til all på- og avstigning frå privatbilar.

Om du skal på aktivitet i Jølstrahallen, eller på skulen, ønsker vi at alle får inn god rutine med å bruke droppsonene og parkere på parkeringsplassane utanfor Hjartesona. Legg inn 2-3 min ekstra med tid så har du god tid til å gå opp og lage skulen til ein trygg stad for alle å vere! 

Skulen kjem til å orientere ut om dette til alle føresette, og lag og organisasjonar som plar leige skulen.