Sjå den fine nye logoen som Vassenden skule har fått!

Vi er utrulig godt nøgde med den nye logoen til skulen, og er ganske stolte av å kunne presentere den ut!

I løpet av året i år har 10. klasse og faglærar i kunst- og handverk, Ståle Fossheim, jobba med å utvikle ny logo for Vassenden skule.  Oppgåva dei fekk av leiinga var å lage ein logo som passar Vassenden skule slik skulen er i dag. Vi synes elevane i 10. klasse har løyst oppgåva svært godt. Vi kan sjå att fleire av kjenneteikna til Vassenden skule. Vi ser m.a. Ansvar, Omsorg og Respekt som vi jobbar med i PALS, at vi er opptatt av fysisk aktiv læring og skal bli Hjartesoneskule. Vi ser til og med Sunnfjord kommune sin "Saman er vi EIN" i skulen sin nye logo.  


Vi er utrulig godt nøgd med skulen sin nye logo! Tusen takk til årets 10. klasse for godt levert arbeid! 

 

Helsing stolt rektor 
Anne Cecilie Kapstad