Opning av Pumptracken på barneskulen og løp for TV-aksjonen på ungdomsskulen Torsdag 17. oktober var det ein aktiv dag på Vassenden skule.På barneskulen var alle elevane med på opninga av pumtracken. Her kom Vassenden 2025, Rekkje stiutvikling, Idrett og Friluftslivseininga i Sunnfjord kommune og varaordføraren på besøk. Varaordføraren fekk raskt tittel som «reserve-ordføraren» av elevane. Han kom med skateboard under armen og opna bana med å ta nokre rundar i pumptracken med elevane som publikum. Artig! Etterpå hadde 6. klasse framsyning av sykkelkunstar i pumptracken, før alle elevane var med å danse BlimE!- dansen. Kjekk opning av den flotte bana vi har fått. Den er mykje i bruk i både i skuletid og på kveldstid. Takk til Vassenden 2025 som har stått for prosjektet, og for alle som har bidratt med innsats og økonomi for å få bana på plass.Alle elevane på ungdomsskulen starta skuledagen med å springe så mange rundar dei klarte på 60 minutt i ei 500-meter løperunde. Løpet var for inntekt for årets TV-aksjon og Barnekreftforeininga. Nokre elevar kom opp i heile 20-27 runder! Imponerande! Sist endra 21.10.2024 12.53