Ledige lærarstillingar ved Vassenden skule - skuleåret 2023/2024

Logoen til Vassenden skule med to figurar som held eit hjarte - Klikk for stort bilete

Vassenden skule er ein 1-10 skule som satsar på vurdering, tverrfagleg undervisning, PALS og Fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i undervisninga vår.

  • inntil 300% faste stillingar med fagkompetanse i engelsk, tysk, kunst og handverk, kroppsøving og musikk, spesialundervisning, norsk, naturfag og andrespråkspedagogikk
  • inntil 300% vikariat med fagkompetanse i engelsk, tysk, kunst og handverk, kroppsøving og musikk, spesialundervisning, norsk, naturfag og andrespråkspedagogikk
  • 100% vikariat som faglærar på ungdomstrinn med stor del kroppsøving, arbeidslivsfag m.m.
  • 100% vikariat som faglærar på ungdomstrinn i engelsk, matematikk, naturfag og spesialpedagogikk

Om stillingane
2-3 av stillingane vil vere med kontaktlærarfunksjon, hovudsakleg på barneskulesteget. Faglærarstillingane vil vere delt mellom behov på både barneskulen og ungdomsskulen, der ein både vil ha vanleg klasseundervisning men òg noko spesialundervisning. På ungdomsskulen vil den eine faglærarstillinga ha mykje kroppsøvingsundervisning.

Vi søkjer særleg etter lærarar med kompetanse i

  • Engelsk, tysk, kunst og handverk, kroppsøving, musikk, spesialundervisning, norsk, naturfag og andrespråkspedagogikk.
  • Det vert lagt vekt på erfaring med PALS, FAL og kontaktlæraransvar. Fordel med erfaring frå utviklingsarbeid med innføring av læreplanen LK20
  • Sidan skulen har særleg trong for å rekruttere engelskkompetanse vil ein vere positiv til å rekruttere lærarar som skal ha studiepermisjon for å ta faget engelsk skuleåret 23/24
  • Fordel at søkjarane har brei fagkompetanse for undervisning på barne- og ungdomsskulesteg, allmennlærar-utdanning og/eller grunnskulelærarutdanning med kvalifikasjonar for undervisning i 1.-7. kl. / 5.-10. kl.                For tilsetjing i fast stilling er dette eit krav.  

Kontaktinformasjon:
Rektor Anne-Cecilie Kapstad
E-post: anne-cecilie.kapstad@sunnfjord.kommune.no
Telefon: 992 02 656