Ledig stillingar ved Vassenden skule - skuleåret 2024/2025

Vassenden skule er ein 1-10 skule med eiga SFO- avdeling. Vi satsar på PALS som verktøy for inkluderande praksis, vurdering, byrjaropplæring, tverrfagleg undervisning, og fysisk aktiv læring (FAL) i alle klassar. Vi har nye skulebygg, idrettshall og godt skule- og arbeidsmiljø. Vi er opptatt av aktiv bruk av lokalmiljøet i både undervisninga vår og i arbeidet på SFO. 

Barn som skriv - Klikk for stort bilete Pixabay

Til alle stillingane søkjer vi kandidatar som: 

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • er engasjerte, målretta og fleksible
  • er tydelege og motiverande i klasseleiing, relasjonsbygging og elevhandtering 
  • har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i nynorsk
  • har god digital kompetanse 

 

Ledige pedagogstillingar: 

  • Inntil 250 % årsvikariat skuleåret 24/25. 
  • Ei stilling vil kunne vere med kontaktlærarfunksjon på barneskulesteget. 
  • Utlysinga gjeld og for alle pedagogstillingar som måtte kome til fram mot skulestart i august 2024 

 

Vi søkjer særleg etter pedagogar med kompetanse i 

  • Engelsk, tysk, andrespråkspedagogikk, kunst og handverk, musikk, spesialundervisning, norsk, naturfag, matematikk, programmering
  • Det vert lagt vekt på erfaring med PALS, kontaktlæraransvar og utviklingsarbeid med vurdering og innføring av læreplanen LK20 
  • Fordel at søkjarane har brei fagkompetanse for undervisning på barne- og ungdomsskulesteg, allmennlærarutdanning og/eller grunnskulelærarutdanning med kvalifikasjonar for undervisning i 1.-7. kl. / 5.-10. kl. For tilsetjing i ev. faste stillingar som måtte kome til er dette eit krav

 

Assistentstillingar: 

  • Inntil 70% fast stilling som assistent i skule og SFO/leksehjelp. Stillinga følgjer skuleåret (39 veker) 
  • Inntil 4 faste stillingar som kvar er i 38% med arbeid i SFO. Stillinga følgjer skuleåret (39 veker) 
  • Inntil 13% fast stilling som assistent med arbeid som leksehjelp på ungdomsskulen. Stillinga følgjer skuleåret (38 veker), og vil vere på om lag 2,7 timar pr. veke. 
  • Utlysinga gjeld og for alle assistentstillingar som måtte kome til fram mot skulestart i august 2024 

Krav til assistentstillingane i skule og SFO: 

  • Ønske om fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring som assistent i skule og/eller barnehage, men ikkje eit krav 
  • Det vil vere fordel med erfaring med kommunikasjon med t.d. «teikn-til-tale»   
  • Dei som vert tilsett som assistent i skule og SFO må kunne samhandle i fysisk aktivitet på elevane sitt aktivitetsnivå. Det er fordel å ha interesser innan kreative fagområde 
  • I stillinga på 75%, samt i 2 av stillingane på SFO, vil det vere behov for å tilsetje mannlege assistentar. Dette spesielt med tanke på å følgje i garderobesituasjonar på SFO og i kroppsøving og symjing 

 

Lyst til å vere ringevikar? 
Vi ønsker å kome i kontakt med alle som ønsker å vere ringevikarar for både pedagogstillingar og assistentstillingar for skuleåret 24/25. Ta gjerne kontakt med oss om du t.d. vurderer å studere til å bli lærar eller ta fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Som ringevikar kan du får prøve ut yrket på ulike steg. Eller kanskje du allereie er i gang med studiane, og ønsker å arbeide i ledige tidsrom?

Kontaktinformasjon: 
Rektor Anne-Cecilie Kapstad , E-post: anne-cecilie.kapstad@sunnfjord.kommune.no , Telefon: 992 02 656