Hjartestartar på plass

Jølster maraton, i samarbeid med Skulemiljøutvalet, har fått tildelt ein hjartestartar frå Ida Eides Minnefond. Det var ønskjeleg at den vart montert utandørs, slik at den vil vere lett tilgjengeleg for alle, om det skulle bli nødvendig.

No er den plassert i eit skåp på framsida av Jølstrahallen, og skåpet har ein lysring som lyser grønt, noko som gjer den lett synleg både dag og natt. Den vert også registrert på 113.no

Skulen tok initiativ til å få personal frå ambulanseteneste i Helse Førde til å komme og fortelje kva ein hjartestartar er, og kor viktig den kan vere i naudstilfelle. Tysdag i førre veke var dei på besøk, og vi takkar så mykje for at dei tok seg tid til å gje god informasjon til elevane frå 4. – 10. trinn.