Årets tøffaste fotballkamp på Øyaflata er spelt!

Som vanleg var det brasiliansk fotballstemning på Øyaflata når årets 10. klasse møtte lærarlaget. 10. klassingane var spente i år, for dei visste at dei kom til å møte eit lærarlag med uvanleg sterke fotballbein. Årets lærarlag var toppa med både ein spelar frå A-laget til både Årdal og Jølster, samtidig som det bestod av fleire erfarne fotballbein frå både Jølster og Førde. 

Årets fotballkamp mellom 10. klasse og lærarlaget på Vassenden skule

Allereie tidleg i kampen fekk lærarane sitt første mål. 10. klasse hadde fleire gode sjansar undervegs, og scora eitt mål i første omgang. Dei erfarne lærarane spelte uvanleg godt, og sjølv om 10. klasse etter forhandling mellom laga sine managerar fekk lov av dommarane å sette inn fleire spelarar, enda kampen til slutt 7-1 til lærarlaget. Det er mange år sidan lærarlaget har vunne kampen. Så på sett og vis var det på tide å setje seg litt i respekt igjen. 10. klasse mista aldri motet undervegs i kampen, og gav alt heile tida. Då kampen var over tok dei tapet med eit smil. 10. klasse fortjener gullpokalen for god sportsleg haldning!

Tradisjonen er at 9. klasse dømmer kampen. I år var det 4 dyktige dommarar ute på bana, der vi i for første gang  hadde kvinnelig hovuddommar! Stas at Emma Felde Førde stilte på, og viste at det går heilt bra at også jenter kan dømme fotballkampar på ein dyktig måte! 9. klasse stilte også med kommentatorar. Dei gjorde ein fabelaktig jobb undervegs i dei to omgangane.

Kampen gikk fint føre seg i øsande regnvær. Det var likevel ingen dempar på publikum. Dommarane og manageren på lærarlaget vart samde om at lærar-spelarane også måtte finne seg i å bli spylt på med vannpistolar når dei nærma seg banehalvdelen til innbyttarbenken til 10. klasse.

Kampen er ein kjekk og viktig tradisjon som skulen har hatt i fleire tiår!

Takk for kampen til 10. klassingane! Lukke til vidare i livet!