9. klasse har vore på HaugabreenÅrets bretur på Haugabreen har vore planlagt fleire gangar i haust. Det regna og blåste, og vi måtte stadig avlyse og gjere om på planane. I førre veke klaffa endeleg været med både sol, lite vind og gode temperaturar. Vi kasta oss rundt og fekk gjennomført turen med overnatting i lavoar på Haugastøylen.På første dag vart det besøk til jettegrytene. Desse er laga av elva som kjem ned frå breen. Om kvelden måtte lavo-laga lage middag på primus, før det venta ei stjerneklar natt med fullmåne. På dag to var det tidleg opp for å gjere seg klar til bretur. Breførar Irene Befring kom saman med rektor opp til campen på morgonen. Irene starta med å forklare litt om utstyret og korleis vi beveger oss med skarpe økser hengande på sekkane. I nydeleg vær gikk vi stien opp til breen, der vi tok på oss tau, stegjern, hjelmar og utsyr. Vi gikk i sikksakk over sprekker oppover brearmen, og fekk sett på fjellberga som breen har skura. Vel oppe i breen fekk dei som ville klatre med isøkser prøve seg på det. Litt ut på kvelden kom elevane ned på parkeringa på Høyset. Godt slitne og fulle av inntrykk frå to fine og spanande dagar i stor norsk natur! Stor takk til Irene Befring som år etter år er solid og trygg breførar for oss på denne turen. Og takk til DNT Indre Sunnfjord turlag for samarbeid om å lage denne turen til årets Opptur for Vassenden skule. Sist endra 24.09.2024 09.04