Skulevegen
Alle har rett til å gå trygt til og frå skulen. Ingen har rett til å truge eller plage andre. Du skal seie i frå om du ser at nokon ikkje har det bra på skulevegen.
FAU og skulen tilrår at du ventar med å sykle til og frå skulen frå 5. klasse dersom foreldra dine er samde i dette. Sykkelen set du i eit sykkelstativ. Du må bruke sykkelhjelm.
På skulen i friminutta
Vi svarar kvarandre pent og er hyggelege mot kvarandre, både barn og vaksne.
Du møter i rett tid til alle timar.
Alle har rett til arbeidsro i timane.
Du er ute i friminutta. Når det er dårleg vêr, kan rektor gi løyve til å vere inne i klasserommet.
I skuletida er du på skulen sitt område.
Om vinteren kan du og leike i akebakkane aust og vest for skulen, men ikkje lenger borte enn at du kan høyre skuleklokka.
Når du leikar ute, må ikkje leiken vere for vill.
Snøball kan du berre kaste mot oppsette blinkar.
Rullebrett, rullesko og rulleskøyter kan du berre bruke etter oppsett plan i Grindbygget.
Du kan bruke ballbanene etter oppsette lister.
Orden
Alle har ansvar for at undervisningsromma er rydda.
Uteområdet held vi i orden etter oppsett plan.
Du må ta godt vare på bøker og utstyr du får på skulen.
For at vi skal ha det triveleg rundt oss, må vi stelle fint med skulen vår, innbuet og alt materiell. Vi må verne om plantar og grøntareal. Klassane har ansvar for orden på kvart sitt uteområde.
Godteri brukar du berre ved spesielle høve, og etter avtale med læraren.
Det er forbode å røyke, snuse og å bruke rusmiddel på skuleområdet.
Det er ikkje tillete med bruk av mobiltelefon på Slåtten skule.
Mobiltelefon eller anna elektronisk avspelings- eller kommunikasjonsutstyr skal vere avslått og ligge i sekken. Du har utstyret med på eige ansvar. Skulen er ikkje erstatningspliktig dersom utstyret vert vekke.
Dersom nokon bryt denne regelen, skal utstyret takast inn for resten av dagen. Ved gjentekne brot på regelen vert foreldra kontakta og utstyret utlevert etter avtale med dei.
Alle pliktar å sette seg inn i skulen sine lovar og reglement.
Om du bryt reglane
- Må du stå til ansvar for det du har gjort
- Må du erstatte ting som blir øydelagt
- Ved alvorlege brot på reglane kan rektor, etter å ha rådført seg med læraren din, ta avgjerd om bortvising frå undervisninga for enkelttimar eller resten av dagen. Foreldra dine skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen.
Reglar mot mobbing
Ingrid Lund har forska mykje på mobbing i barnehage og skule, og meiner at mobbing handlar om sosiale prosessar på avveg, noko som kan inkludere interaksjon både i det verkelege liv og på nett.
«Mobbing
Mobbing og andre krenkelser bør forstås både ut fra et individ- og systemperspektiv, og ses i sammenheng med individuelle og kontekstuelle forhold. Lund, Helgeland og Kovac (2017) definerer mobbing slik:
Mobbing av barn er handlinger fra voksne og/eller barn som hindrer opplevelsen av å høre til,
å være en betydningsfull person i fellesskapet og muligheten til medvirkning.
Fellesskapet er altså avgjørende, og dermed blir også de miljøbaserte tiltakene ekstra viktige, men samtidig trenger vi i de aller fleste situasjonene også å iverksette individbaserte tiltak.»
Vi mobbar ikkje andre!
Vi har rett til å bli respektert for den vi er, seie det vi meiner og kle oss slik vi vil.
Dersom ein av oss veit, eller trur, at nokon blir plaga, har vi plikt til å gripe inn, eller seie det til ein vaksen som kan gjere noko med det, eller stoppe mobbinga.
Dersom du føler deg mobba eller plaga, skal du seie frå til ein vaksen. Du kan be foreldra dine ta kontakt med skulen. Du kan også finne ein du stoler på og fortelje sjølv.
Alle har plikt til å bry seg!
STOPP-regelen
Mål: Alle elevar på Slåtten skule skal trivast og ha det godt
Vi ser at leiken ute nokre gonger kan bli for hard for enkelte elevar. Derfor har vi STOPP-regelen ved skulen.
Mål: Alle elevar på Slåtten skule skal ha det kjekt ute
Om leiken blir for vill, eller eg kjenner meg truga, skal eg vise handflata og seie «STOPP»
- Eg skal lære å seie «STOPP» når andre blir plaga
- Eg skal respektere at andre seier «STOPP»
- Det er ikkje lov å tulle med regelen
Å tulle med regelen vil seie at aktiviteten ikkje stoppar når nokon har sagt «STOPP».
Brot på regelen har følgjande konsekvensar:
- Den som bryt regelen må gå med vakta neste friminutt.
- Dersom nokon bryt regelen fleire gonger same dag, vil kontaktlærar ha samtale med foreldra.
- Om det er usemje om kva som har skjedd, har kontaktlærarane samtale med dei elevane
som har vore innblanda i hendinga.