Kontaktinformasjon Slåtten SFO
SFO-leiar Johnny Årdal
Opningstider Slåtten SFO
- 07.00 – til skulestart, og frå skuleslutt til 16.30
Om SFO på Slåtten skule
SFO skal gi barna tilsyn, tryggleik og omsorg. Tida barna er på SFO skal vere barna si "fritid". Den "frie" leiken er basis for SFO drifta. Det å ha venner er grunnlaget for ein god dag på SFO.
Vi ynskjer også å skape sterke positive opplevingar som barna tek med seg vidare i livet. SFO har ulike arrangement som har dette som mål. Vi ynskjer å finne den rette balanse mellom "frie" og vaksenstyrte aktivitetar på dei ulike alderstrinn. Graden av organisering aukar med alderen.
Vennskap og relasjonsbygging er viktigaste satsing på SFO Løvetann. Friluftsliv er satsa mykje på i forhold til dei største barna.
Påmelding til SFO
Du må legge inn søknad i kommunen sitt skuleadministrative system Visma Flyt Skole. Her kan du og endre eller seie opp plassen. I tillegg ber vi om at du fyller inn skjema for tidpunkt barnet skal nytte SFO, som du og finn nedanfor.
Påmelding/endring SFO
Oppseiingsfristen er 1. månad. Du må logge deg inn i Visma Flyt Skole for å seie opp plassen. Seier du opp før den 1. eller 15. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. eller 15. i påfølgande månad. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for barnet etter 31. mars.
Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på 1. månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass.
Påmelding til SFO i feriar
Born som skal vere på SFO i feriar (haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie) må melde seg på. I forkant av feriane blir det sendt ut ein epost med link til påmelding i ferien. SFO har stengt 4 veker i juli.
Du finn informasjon om vedtekter og prisar på dei felles kommunale sidene om SFO. Bruk linken nedanfor.
Kommunale sider om SFO
Planleggingsdagar 2022-2023
Planleggingsdagane i SFO dette skuleåret blir på dei elevfrie dagane fredag 4. november, fredag 27. januar og fredag 19. mai