Rassikring mot barneskulen

Måndag 8. november hadde FAU møte og kommunalsjef Åge Stafsnes var med for å orientere om prosessen kring rassikring. Rapport for sikringstiltak er no klar, det er Nordplan som står for denne rapporten. Her er eit utdrag frå rapporten i høve tiltak:

Alternativ som vert vurdert for å hindre eventuelle skadar på personar eller materiell :

1. Ein betongvegg mot eksisterande skuleplass

Ein betongvegg kan nyttast for å stoppe snømengdene når dei først har kome seg

over asfaltkanten og snøen er på veg ned mot skulen sitt uteområde. Dette vil gi ein

beskyttande barriere og sikre at snømassane frå hallen sitt tak (takras) ikkje kjem inn

på uteområdet til barneskulen.

2. Ein rasvoll mot framtidig leikeområde

Langs den nordlege delen av hallen er det tenkt ein rasvoll i botnen av bakken, for å ta

imot snømengdene. Dette blir i overgangen frå eksisterande uteområde til planlagt

nytt uteområde mot nord. Med oppføring av ein rasvoll i dette området har ein også

sikra dette utvida leikeområdet for skulen.

Nordplan har lagt ved et forslag til betongmur og rasvoll som følger med dette dokumentet.

Betongveggen kan fungere som bakvegg for nye uteelement til skulen, som f.eks. buldrevegg,

takoverbygg med sitteplasser, amfi m.v.

 

Skisser av rassikring frå Nordplan (PDF, 742 kB)

 

Det skal då lagast ein betongmur + rasvoll ( sjå vedlagde teikningar). Dette har ei kostnadskalkyle på 4,5 millionar og må sjåast i samband med nytt uteområde. Det betyr at det skal finnast pengar utover dei midlane som allereie er løyvde til uteområdet. Dei eksisterande planane må justerast og arbeidet er venta starta til våren. Denne vinteren vert det ei mellombels løysing med at det vert sett opp eit høgt anleggsgjerde + at dei vil prøve å finne ei løysing på å få ned snømassane «kontrollert» på eit tidspunkt der vi ikkje har elevar på skulen. I periodar med mykje snø kan vi ikkje nytte uteområde og må lose elevane opp mot hallen – eller på andre sidan av SFO-bygget. Vi set inn tiltak når situasjonen i høve store snømengder melder seg.

Kommunalsjefen vil løyve pengar til å kjøpe inn ei «fuglereir-disse» som vi no vil bestille inn og finne høveleg plassering for.

FAU tenkjer at vi no må vere positive til at vi er prioriterte på uteområde og at dette med rassikring vert teke skikkeleg tak i og planlagt ei god løysing for. Vi har forståing for at dette må ta litt lenger tid grunna kostnadene, og det viktige no er å finne ei god løysing gjennom den komande vinteren.