Min Skole-app og samtykke for elevane

Vi ynskjer at alle føresette lastar ned og brukar appen "Min Skole - foresatt" til kommunikasjon mellom heim og skule. Vi bed alle om å gå inn på appen og sjå om de har levert samtykke til deltaking på ulike aktivitetar i skuletida m.m.   

Vi brukar Visma Flyt Skole og appen "Min Skole - foresatt" til kommunikasjon mellom heim og skule. Om nokon ikkje har høve til å laste ned appen, vil informasjon frå skulen kome på e-post i staden. Dersom du aldri får meldingar frå skulen, kan det vere at vi manglar e-postadressa di. Meld i så fall ifrå til oss, så vi kan få lagt inn rett e-postadresse.

Vi har også fått tilbakemelding om at appen loggar av systemet om han er inaktiv over lengre periodar. Det kan difor vere lurt å opne appen og sjekke at du er logga inn no etter ferien.

Vi bed alle om å sjå etter at de har lagt inn samtykke til deltaking på ulike aktivitetar i skuletida m.m. i appen. Vi er avhengige av å ha denne informasjonen i samanhenger som turdag, skulegudsteneste, utlevering av medisin o.a. Ta kontakt med skulen om du ikkje har tilgang til appen, eller av andre grunner ikkje får lagt inn samtykke.     

Meir informasjon om appen og om nedlasting