Aktivitetar på Sande skule mai–juni 2024

Enno eit skuleår går mot slutten.

 Dei siste vekene vil klassane ha fokus på dette:

Eit bilde som inneheld grunn, blomster, plante, utandørs - Klikk for stort bilete Tanja Myklebust
  • 1. klasse: prosjekt om reven og tur til Fagernes, eksperimentdag med 2. klasse
  • 2. klasse: prosjekt om  Sande, eksperimentdag med 1. klasse
  • 3. klasse: prosjekt om Sunnfjord kommune 
  • 4. klasse: uteskule, tur til Fagernes, lesing i alle fag
     
  • 8. klasse skal også ha aktivitetsdag for 1.–4. klasse før skuleslutt.
  • 5. klasse skal på gardsbesøk i Guddalen i slutten av mai.
  • 9. klasse skal ha aktivitetsdag for 5.–7. klasse 14. juni.
  • 10. klasse har munnleg eksamen 12.–14. juni.
  • 5.–9. klasse skal ha Tinestafett på fotballbana i juni.

Avslutningsfest for 10. klasse

Torsdag 20. juni skal 10.klasse ha avslutningsfest der 9. klasse skal vere servitørar og ansvarleg for å lage dessertar.

Skulegudsteneste

Tysdag 11. juni er det skulegudsteneste i Sande kyrkje.

Siste skuledag før ferien

Siste skuledag er fredag 21. juni. Då skal heile skulen ha avslutning saman i Gaularhallen. Kvart team skal då opptre med minst eit innslag. SFO-koret skal synge.

SFO

I tida fram mot ferien har vi fokus på mykje leik og aktivitet ute. Vi vil ha nokre treffpunkt for 3. klasse-klubben, og SFO-koret skal også opptre i Gaularhallen siste skuledag. 

12. juni er det "Mjuk skulestart" for komande 1. klasse. Barna som startar i 1. klasse hausten 2024, skal då besøke SFO.

Onsdag 19. juni har vi Sommarfest på SFO med ulike aktivitetar og god mat.