Tverrfagleg veke om samane

I samband med samane sin nasjonaldag 6. februar, har 5. trinn tverrfagleg veke om samane. Som del av denne veka har dei i dag hatt utedag. 

Dagen starta med å setje opp to lavvoar, få fyr i to bålpanner og lage suppe. Elevane hadde ulike ansvarsområder, og samtlege gjorde ein god innsats for å kome i mål på si gruppe. Elevane fekk tid til å kaste lasso, kutte ved og ake mellom dei ulike aktivitetane.

I går kutta alle elevane opp raudlauk, og i dag fekk dei vere med på å lage sylta raudlauk som dei fekk med seg heim. Elevane viste at dei er flinke til å bidra på både rigging og rydding av camp! Det var ein ivrig elevflokk med godt humør som gjerne kunne tenkt seg ein liknande dag ein annan gong. 

Sjå bilete frå dagen her: