Trivselsleiarane sørger for aktivitet i friminutta

Naustdal skule har i år blitt ein del av trivselsprogrammet (TL). Målet med programmet er mellom anna å gje auka trivsel og meir aktivitet i friminutta. På 4.-7. trinn har det blitt valt trivselsleiarar som har delteke på trivselsleiarkurs. Der har dei lært mange nye og kjekke aktivitetar til bruk i friminutta.  

I dag (måndag 12.09.22) starta trivselsleiarane opp med aktivitet i matfri. Det var mange elevar som deltok og nokre stod og venta på at ny runde skulle starte. Det var fire ulike aktivitetar og dei fleste kom godt i gang. At det regna var ikkje noko hinder for god deltaking og ivrige elevar. Målet er at vi skal ha trivselsleikar i matfri fire dagar i veka. Vi gler oss til å fylgje trivselsprogrammet vidare! 

Dersom du vil lese meir om TL-programmet, kan du gå til deira heimeside. 

Under kan du sjå glimt frå dagens aktivitetar:

Aktiviteten "soppball" pågår i ballbingen. Marit F. Myrene  Vi kastar og samlar, «yes, eg klarte det!» Marit F. Myrene  Klarer vi å kaste ballen utan å miste den? Marit F. Myrene  Flip out: Klarer eg å få kjegla til å stå? Marit F. Myrene