Skuleåret 22/23 er endeleg i gang!

Nytt år - nye moglegheiter. Lærarane hadde øvd inn song og rektor hadde lada opp blinkeskoa før møte med dei nye førsteklassingane. 

Spente elevar og lærarar møtte i dag til første skuledag! For første gong på tre år var vi tilbake til normale rutinar etter att korona har prega oppstarten dei siste to åra. 

Rektor Gunn Marit ynskte først 2.-10. trinn velkomne i skuletunet. Dei tilsette fulgte opp med å syngje årets BlimE-song for elevane, før elevane gjekk til sine klasserom for å halde fram dagen. 

Rektor tok turen saman med 10. trinn for å samtale om kva dei har i vente. No er dei eldst på skulen og førebilete for alle dei som kjem etter. Det er også viktig å starte tidleg med å tenkje på kva val dei skal ta vidare - slik at lærarane best mogleg kan hjelpe dei med å nå sine mål. 

Klokka 10 stod ein spent gjeng med nye førsteklassingar og foreldre ute på skuleplassen. Ein og ein ropte rektor førsteklassingane opp og dei fekk komme fram for å helse på kontaktlærarane sine før turen gjenn vidare inn i klasserommet. Seinare på dagen fekk dei ei god uteøkt saman med fadrane sine på 4. trinn. 

Vi ser fram mot alt vi har i vente dette skuleåret! 

Flagget til topps for første skueldag! Hilde S. Strandos