Med fokus på helse

Det har vore litt av ei veke på Naustdal skule. Elevar i fantasifull utkledning, fruktfat, spinningøkt, seksualundervisning med medisinstudentar, sterke foredrag og besøk av politiet er berre noko av det elevane har vore med på denne veka. 

Skulen er stolt av å ha gjennomført nok ei "Helseveke". Elevrådet, saman med helsesjukepleiarar, sosiallærar og skuleleiing har saman laga program for veka. 

Måndag var det pyjamasdag der elevane snorka seg gjennom undervisninga, og 3. steget fekk besøk frå helsestasjonen. Tysdag fekk klassane sjølv bestemme kva dei skulle kle seg ut som. Det var både afterski og gamledagar i gangane. Og 7. steget som var på spinning i rådhuset hadde faktisk kledd seg ut i sommarklede. Sikkert heilt ok med tanke på kor sveitte dei vart. 

Onsdag var det "Lagånd" som var tema, og endeleg kunne fotballtrøyene bærast med stolthet (for dei som er oppteken av slikt). Og 6. steget hadde ei økt om psykologisk førstehjelp.

Torsdag kunne ein kle seg ut som det ein ville. Nokre karar vart observert med "tutu-skjørt" og prinessekrone ute i skulegården, og ein anna elev kledde seg ut som svartedauden. Litt av alt med andre ord. Denne dagen var 5. steget på besøk på helsestasjonen og 8. steget hadde besøk av politiet som snakka om deling av bilete på nett. Foreldra på 8. steget fekk også tilbod om foredrag med politiet på kveldstid. 9. og 10. steget fekk også foredrag. Eit sterk og gripande eitt av naustedøl Dan Gøran Espedal. Han snakka om ein krevjande oppvekst og konsekvensane av vala ein tek. Hans apell var at det aldri er for seint å be om hjelp dersom ein har det vanskeleg.

Fredag og regnbogedag. Sjølv sola strålte denne dagen! Skeiv ungdom kom og heldt foredrag for alle elevane frå 5. til 10. Ein fargerik og kjekk avslutting på veka. 

Naustdal skule vil takke alle som har bidratt til Helseveka.