Helseveka på Naustdal skule - veke 6

Tradisjonen tru går «Helseveka» av stabelen på Naustdal skule i veke 6 – ei veke med fokus på helse og livsmeistring.

I løpet av veka har dei tre hovudstega ulike temadagar og det er mykje forskjellig som skal skje. Under kan de sjå plakaten som syner dei ulike temadagane på småtrinnet, mellomtrinnet og ungdomstrinnet. 

Bilete av plakat for helseveka 2023 som syner dei ulike temadagane. - Klikk for stort biletePlakat - Helseveka 2023. Naustdal skule

 

I tillegg til undervisning og opplegg som lærarane skal gjennomføre i løpet av veka, får også mange av klassane besøk frå andre fagpersonar som skal gjennomføre ulike opplegg:  

  • 3. trinn: Helse og trivsel på 3. trinn v/ helsesjukepleiar Ann-Katrine
  • 4. trinn: Bevegelsesøkt v/ fysioterapaut Turid
  • 5. trinn: Pubertetsundervisning v/ helsesjukepleiar Ann-Katrine
  • 6. trinn: Bevegelsesøkt v/ fysioterapaut Turid 
  • 7. trinn: Tannhelse v/ tannlege Oda og tannpleiar Taline
  • 8. trinn: Psykisk helse v/ helsesjukepleiar Anne Marte
  • 9. trinn: Livsmeistring på godt og vondt v/ utekontakt Tove og erfaringskonsulent Martin
  • 10. trinn: Jenteprat og guteprat v/ skulelege Tor Vidar, samt besøk frå kommunepsykologane Maria og Øystein som skal snakke om tematikken angst, depresjon og mobbing.

Vi håpar dette skal bli ei kjekk og lærerik veke for både små og store!