Heilt til topps i kokkekampen

Mali Mathisen Nordvik Elevar frå 9.steget ved Naustdal skule gjekk heilt til topps i kokkekampen 24.03.

Kokkekamp er eit samarbeidsprosjekt mellom Stiftelsen Rekruttering til restaurant- og matfag, NKL Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for hotell- og matfag og Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling restaurant- og matfag.

Sjå innslag på Vestlandsrevyen

Deltakarane er niandeklasse ved Vassenden, Viksdalen, Naustdal og Sande ungdomsskole. Elevane har jobba med ei matlagingsoppgåve der dei skulle lage kvardagsmiddag/festmåltid til ungdom med laks som hovudingrediens, og ein dessert som er typisk for fylket vårt eller med lokale råvarer. Et lag frå kvar skule kjempar om finaleplassen på kokkekamp i Førde.
Målet med prosjektet er å styrke mat- og helsefaget, lokale råvarer, auke rekruttering til matfaglige utdanningar og omdømmebygging.

Ein stor takk til Bjørn Hundershagen for god hjelp og eit stort engasjement!