Den svarte fredag

David, Peter, Aud Slettehaug (tolk) Marit Friborg Myhrene  

Før vinterferien fekk vi besøk i 3. og 6. klasse av David. Han er soneson til Spike Holly, som var navigatør ei eit av flya som deltok i flyangrepet mot dei tyske båtane som låg i Førdefjorden 9. februar 1945. Båtane skulle frakte tyske soldatar til Normandie. Eit fly hadde oppdaga desse båtane tidlegare denne dagen. Eitt av dei 30 flya som kom frå Storbritannia samme ettermiddag sat Spike Holly som navigatør. Flyet vart skote på, og Spike vart treft. Men til alt hell vart han skoten i ryggen og på låret sidan han snudde seg for å ordne noko i flyet. Flyet vart så skada at dei hadde berre ein motor intakt, og dei kom seg vestover nord for Naustdal og landa først i ei berg/skjær før flyet stoppa i Høydalsfjorden. Ei dame på Hopen fekk rodd ut og berga dei to som var i flyet. Speik hadde fleire gongar mista medvite, flytevesten var ikkje intakt og symje kunne han ikkje. Det var kaldt og dei heldt på å fryse i hel.

David har skrive ei historie på skulen om dette og vart i etterkant meir interessert i denne historia. Han fekk no vere med sin far til Naustdal og delta på markeringa her. David bur no i Dubai, men er eigentleg frå England der bestefaren også vaks opp. David var her saman med sin far, Peter, som fortel at han ved fleire høve spurde sin far, Spike, om det som hende denne dagen.

Elevane fekk høve til å stille spørsmål til David og Peter, og fleire av elevane (også i 3. klasse) var ivrige på engelsk. Seinare har vi snakka meir om det som hende, sett film og nokre elvar har skrive brev til David i dagane etter besøket.