Aldri meir

Ivar Longvastøl Desverre vart det ingen tur med Aktive Fredsreiser for 10. steget grunna korona. Temareisa til Polen har vore ein viktig tradisjon for skulen i Naustdal og første gruppa reiste allereie i 1996. Etter ei lita ryddeøkt på arkivet dukka det opp historisk dokumentasjon på temareisa frå 2002.

I denne Firda-saka kunne ein lese om 10A og 10B som var i Lidice i Tjekkia og vitja minnesmerket over borna som vart drepen i 1942. Me vonar at samfunnet snart er attende i  det normale, slik at elevar ved Naustdal skule igjen kan få oppleve denne viktige reisa med Aktive Fredsreiser.

 

 

 

 

Ivar Longvastøl