5. trinn på tur

Det var solskin og høg trivselsfaktor då 5. trinn var på tur til Kletten! 

Tysdag 06.09.22 var elevane på 5. trinn på tur til Kletten i Naustdal. Høgdepunktet denne dagen vart pannekakesteiking på stormkjøkken.

Det var ein fantastisk flott dag med sol og passeleg temperatur, blåbær i store mengder både til pannekakene og rett i munnen. Nokre stopp undervegs der ein fekk lære litt om ulike bær vi fant undervegs, samt ulike ting som kunne vere lurt å ha i sekken på tur.

Mange av elevane ville skrive seg inn i boka på Kletten. Marit F. Myrene  

Fleire av elevane kunne sjå husa heime, kommenterte butikken, skulen og andre kjende stadar i Naustdal. Marit F. Myrene   Eit høgdepunkt var utan tvil å kunne sitte i grupper rundt eit stormkjøkken og lage pannekaker. Marit F. Myrene   Det var ein flott dag med lite vind og utsikta var fortreffeleg! Fleire av elevane peika og kommenterte kor fint det var. Marit F. Myrene