Viktig informasjon om skuleskyss

VIKTIG INFORMASJON FOR SKULESKYSSEN I SAMBAND MED KORONA-VIRUS

For kollektivtransporten i Vestland er det i dag innført følgjande tiltak som også vil gjelde skuleskyssen og skuleelevar: Berre reisande som får sitjeplass eller som kan stå slik at det er minst ein meter til neste ståande får no gå på kollektivtransporten.

Dersom det er skulebussar med for mange passasjerar til at nemnte tiltak kan bli overholdt, ber vi om at skulane bistår med å informere om at det berre er elevar med innvilga skuleskyss (skulekort) som kan nytte skulebussane. Elevar utan rett på skuleskyss må då anten gå, sykle eller nytte det ordinære kollektivtilbodet. Dersom de opplever utfordringar knytt til dette, ber vi om at skulen kontakter oss, slik at vi saman kan kome opp med føremålstenlege tiltak.

Det er viktig at skulane bidrar med å spreie denne informasjonen og følgjande oppmodingar til elevane:
•    Gå eller sykle dersom du har høve til det
•    Ha god og forsvarleg hand-, hoste- og nysehygiene
•    Ta særleg omsyn til medreisande
•    Unngå kontant betaling 
•    IKKJE reise kollektivt dersom du er sjuk eller har mistanke om at du er smitta.
Dersom behovet for skoleskyss skulle bli betydeleg endra, til dømes som følgje av karantene eller at skulen blir stengt etter eigen avgjersle, ber vi også om at dette vertv meldt til skuleskyss. 

Meir informasjon finn de her:

https://www.bergen.kommune.no/hvaskjer/tema/koronavirus/samfunnsliv/innforer-avgrensingar-i-kollektivtransporten
www.skyss.no