Melding frå skulehelsetenesta

Den siste tida har det vore store endringar i alle sin kvardag, dette kan by på utfordringar både for barn/ungdom og foreldre. Skulehelsetenesta ynskjer å vere ein støttespelar for dei som har behov for støttesamtalar og rettleiing i denne situasjonen. Helsesjukepleiar kan tilby oppfølging via telefon mellom klokka 10 – 14 i vekedagane. Ring 577 22 130 for å gjere avtale. Dersom helsesjukepleiar ved den enkelte skule ikkje er tilgjengeleg av ulike grunnar, vil ein få snakke med ein annan helsesjukepleiar dersom det er kapasitet til det.

Helsing skulehelsetenesta.