Sunnfjord kommune

Biblioteket

Biblioteket

Nye bøker på skulebiblioteket

Klikk for stort bilete 

Skulebiblioteket fekk i desember prosjektmidlar til bruk  for auka leseglede og vidareutvikling av biblioteket.

Vi har kjøpt inn mange nye bøker dei 2 siste månadene;spenningsbøker av Robert Muchamore,Fantasy:Harry Potter,fleire seriar av Leseland ,som  er nynorske,lettlesne bøker særleg for 1-4.kl.-elevar.

Leseland-bøkene er plasserte i ei ny,kvit bokkrybbe inne i biblioteket.Dei nynorske biletbøkene er og å finne i denne krybba som er meint å innehalde kun nynorske bøker.

Vi har også kjøpt inn ein del faktabøker om dyr bl.a.

Bøker i engelsk språkdrakt står for tur til å bli bestilt inn.

 

Takk til alle som har hjelpt til på ulike måtar med å utvikle skulebiblioteket og gje auka leselyst i skulen!

God lesing!

Klikk for stort bilete