Planar for felles ungdomsskule på Hafstad

I møte 3. oktober har formannskapet behandla sak Planar for felles ungdomsskule på Hafstad. Les meir om saka og sjå vedtak.

Kort om saka

  • I samband med etablering av ny vidaregåande skule i Førde, vart Hafstad vidaregåande skule kjøpt av tidlegare Førde kommune. Som eit resultat av prosessen kvalitet og kapasitet i skulen, er det vedteke å samle ungdomstrinnet i Førde på ein felles ungdomsskule. 

    Det er avgjerande for omstilling og innsparing i skulesektoren at ein felles ungdomsskule blir etablert på Hafstad. Fleire av tiltaka i kvalitet og kapasitet har samanheng med det eine tiltaket. Det vil vere svært krevjande for sektoren å redusere tilsvarande kostnadar i drifta om ein ikkje får effekt av reduserte skulebygg og ei meir effektiv utnytting av kapasiteten. 

    Sunnfjord kommune eig Hafstad vidaregåande skule og uansett bruk og ombygging viser prosessen at det vil vere behov for vedlikehald og ombygging. Om skulen ikkje skal nyttast som skulebygg, blir det truleg ein høgare kostnad å bygge om skulen til andre føremål enn skule. 

    Kostnadar
    Forprosjektet viser at endringane i bygget har ein høgare kostnad enn forventa, 82 millionar kroner. I det vidare arbeidet legg kommunedirektøren til grunn at kostnadane kan reduserast. Gjennom prosessen med prosjektering og entreprise må målet vere at kostnadane ikkje overgår den samla summen som er avsett i økonomiplanen for tiltaka i skulen på 75 millionar kroner.  Denne potten skulle dekka både ny ungdomsskule på Hafstad og ombygging av Førde ungdomsskule til ny barneskule.

    Kommunedirektøren meiner arbeidet med å flytte Førde barneskule kan settast på vent til prosessen med ny omsorgsheim er avslutta. Sunnfjord kommune må prioritere først dei tiltaka som gir effekt på drifta. 

    Sjå viktige dokument i saka

    Les saka i formannskapet 3. oktober 2025

    Presentasjon i formannskapet 3. oktober 2025

    Investeringsramme skule 2024–2028

 

Kommunedirektøren sitt forslag

  • Arbeidet med ny felles ungdomsskule på Hafstad går vidare til prosjektering.  Det må arbeidast vidare med kostnadsreduserande tiltak i prosjektet. Ferdigstilte planar med oppdaterte kostnader blir lagt fram for kommunestyret.

 

Behandling og vedtak

  • Behandling

    SV fremja eit forslag om at før nye skuleprosjekt kan handsamast, må det ligge føre ein samla plan med kostnadsoverslag for tidlegare vedtekne tiltak, avklaring om omsorgssenteret i Førde, og oversikt over innsparingar. Planen skal utarbeidast i samarbeid med tillitsvalde og handsamast politisk i samband med budsjett. Utbygging av Sande skule held fram som vedtatt. 

    Venstre fremja eit forslag om at prosjektet med ny ungdomsskule på Hafstad held fram med medverknad og kostnadsreduksjon. Viktige oppgraderingar, inkludert heile uteområdet, skal inn i første fase. Administrasjonen skal lage kostnadsoverslag og plan for vidare tiltak, som skal leggjast fram for formannskapet innan oktober 2025. 

    Sp, Ap og H fremja eit tilleggsforslag om at 49 mill. kroner blir lagt til grunn som eit måltal for arbeidet med kostnadsreduserande tiltak. 

    Sjå heile forslaga under.

    Avstemming: 

    SV sitt framlegg fall med 1 (SV) mot 10 stemmer

    Alternativt avstemming: 

    Kommunedirektøren sitt framlegg, med Sp, Ap og H sitt tillegg, fekk 9 stemmer (Sp, Ap, H, VIP) og vart vedteke.
    Venstre sitt framlegg fekk 2 stemmer (SV, V) og fall.

    Vedtak

    Arbeidet med ny felles ungdomsskule på Hafstad går vidare til prosjektering.  Det må arbeidast vidare med kostnadsreduserande tiltak i prosjektet,  og det vert lagt til grunn eit måltal på 49 mill., jamfør orientering i formannskapet 03.10.25.

    Ferdigstilte planar med oppdaterte kostnader blir lagt fram for kommunestyret.

 

Sjå kommune-TV fredag 3. oktober

 

Les meir om kvalitet og kapasitet i Sunnfjord-skulen

.

Kontakt

Profilbilde av Åge Ansgar Stafsnes
Åge Ansgar Stafsnes
Kommunalsjef for skule
Telefon 57 02 12 18
Mobil 91 15 22 11