Nytt frå kommunedirektøren 29. september 2023

Kommunedirektørgruppa samla på Skei. Opning av uteområdet ved Skei skule. «Midt i trynet». Nynorskhuset er opna. Svar ut. Digital kontakt i helse og omsorgstenestene. VR som førebygging.

Kommunedirektørgruppa på Skei

Kommunedirektørgruppa på Skei - Klikk for stort bileteKommunedirektørgruppa på Skei Sunnfjord kommune

Tysdag og onsdag denne veka var kommunedirektøren si leiargruppe samla på Skei. Der gjekk vi gjennom ei rekke ulike saker som vi skal arbeide med i tida som kjem. I leiargruppa sit eg saman med kommunalsjefane og personalsjefen.

Først hadde vi ein god gjennomgang av situasjonen i kvar sektor. Då gav kvar kommunalsjef ei løypemelding om statusen innanfor sitt arbeids- og ansvarsområde. Det er nyttig. Skal vi som leiargruppe klare å sjå heilskapen i kommunen, må vi kjenne til kva som skjer også i dei andre delane av kommunen

I det siste har vi tilsett to nye kommunalsjefar Anita Nordheim på kultur og idrett og Hege Herland Kjeilen for barnehagesektoren. I ein eigen programpost fekk dei høve til å kome med innspel overfor dei andre om korleis dei har opplevd å kome inn som nye i denne delen av organisasjonen.

Sunnfjord kommune skal vere ein lærande organisasjon. Det gjeld toppleiinga også. Difor tok vi ein bolk med gjennomgang av saker som vi gjennom drøfting såg på om vi hadde  løyst på ein god måte. Då noterte vi oss læringspunkt som vi kan nytte ved tilsvarande situasjonar seinare.

Kommunen er ein stor organisasjon med over 2 300 tilsette. Då er det også viktig at vi har styring med kva kompetanse vi har og kva vi treng i framtida. Då brukte vi ein del av samlinga til å sjå på kva kompetanse- og opplæringsplan kommunen må ha for å møte framtida med ein flink og kompetent organisasjon.

Vi byrjar no ein ny kommunestyreperiode. Då skal kommunestyret ganske tidleg i perioden bestemme kva type planar vi skal arbeide med. Ei liste av slike planar blir ofte kalla for kommunen sin planstrategi. Vi nytta litt tid til å snakke om korleis vi skal førebu dette på ein god måte overfor dei folkevalde.

Kan hende nokre stiller spørsmål ved at kommuneleiinga på denne måten reiser vekk, bur eit døgn på hotell framfor å bruke dei kontora og møteromma vi har på rådhuset. Slike spørsmål forstår eg. Av og til har vi rett og slett behov for å sette av to dagar til slike drøftingar. Sjølv om det er ein politisk ambisjon om å ta heile kommunen i bruk, meiner eg administrasjonen også må vere flink til det. Difor på Skei denne gangen.

Opning av uteområdet ved Skei skule

Uteområdet ved Skei skule - Klikk for stort bileteUteområdet ved Skei skule Sunnfjord kommune

Det har vore to store opningar denne veka. Nynorskhuset og uteområdet ved Skei skule. For dei unge i Jølster var den siste viktig.

Tysdag vart det nye uteområdet for småskulesteget på Skei skule opna. Vi veit frå tidlegare at bygginga av Skei storhall påverka bruken av deira uteområde. No har dei fått eit nytt, og tysdag fekk elevane tilgang til den siste fornyinga av området. Delar av leiargruppa tok difor turen til opninga av uteområdet. Vi vart tatt i mot med flott song av elevane og etter at rektor Annette Dale Natås hadde klipt snora, sprang elevane og gjorde området til sitt med ein gang.

Eit uteområde er viktig for elevane sin skulekvardag. Det skal møte eleven på ein måte som både gir avbrekk mellom inne-øktene og samstundes møte den nyfikne sin søken etter noko spennande. Eit uteområde kan også vere ein god læringsarena og gi eleven ei kjensle av å meistre. Då er det kjekt å gi sunnfjordeleven nye og spennande område å boltre seg på. Gratulerer til elevane på Skei og lykke til med det nye uteområdet.

«Midt i Tryne» til alle ungdomskulane i kommunen

Gjennom økonomisk støtte frå Lions i Førde og Sparebanken Sogn og Fjordane organiserer Sunnfjord kommune ved SLT (Samordning av Lokale rus- og kriminalitetsforebyggande Tiltak ) det sterke og ærlege rusførebyggande foredraget «Midt i tryne» til alle ungdomsskulane i kommunen frå fredag i veke 39 og gjennom veke 40.

«Midt i tryne» er eit opplysnings- og rusførebyggande foredrag. Det handlar om å ta gode val. Vi får høyre historia til rusmisbrukar Richard Prøsch og vennen hans, artisten Torbjørn Gran. Ungdommane får møte Torbjørn og Richard i skuletida, og på kvelden er det foreldra sin tur. Foreldra er dei viktigaste forebyggarane, og gjennom foredraget får foreldra råd om korleis dei betre skal kunne hjelpe barna sine med å ta gode val i møte med rusmiddel. Kva er dei vanlegaste rusmidla som barn og unge kjem i kontakt med? Korleis snakke med barna om rus på ein open og ærleg måte? Korleis støtte barna med å stå imot press frå venner, media og samfunn? Kva er konsekvensane av å bruke rusmiddel for helse, framtida og relasjonane til barna.

Foredraget er gratis, og det blir sendt ut invitasjon til foreldremøte i alle soner. Andre interesserte må også gjerne delta. Det ligg informasjon om foreldreforedrag på Facebook som event for alle skulane.

Då er Nynorskhuset opna

Opning av Nynorskhuset - Klikk for stort bileteOpning av Nynorskhuset Sunnfjord kommune

I går vart Nynorskhuset i Førde opna. Det har de sikkert både lese og sett i media. Frå ein kommunal ståstad vil eg likevel understreke kor viktig ei slik etablering er. I våre overordna styringsdokument seier vi at vi vil utvikle Sunnfjord og Førde til ein tung regional aktør i aksen mellom Bergen og Ålesund. Etableringa av Nynorskhuset er nett slike etableringar som kan bidra til å gjere oss til ein tyngre aktør.

Når Firda, den største nynorskavisa i Amedia, NRK, Vestland Teater, Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter etablerer seg under same tak, er ei slik satsing med å løfte byen, kommunen og regionen vår opp ein divisjon.

Først og fremst skal vi sjølvsagt takke dei som har tatt initiativet til og dei som har realisert planane om eit slikt anlegg. Samstundes skal vi erkjenne at det er i eit godt og smidig samarbeid mellom private og offentlege institusjonar, vi får slikt til.

Vi gratulerer med nynorskhuset og ønskjer dei lykke til med huset og bruken av det – i mange år framover!

Svar ut

Sunnfjord kommune nyttar SvarUt-tjeneste. Vi utvider bruken til nå også å gjelde svar på søknad om kommunale omsorgstenester som heimehjelp, heimesjukepleie mm. Les meir om tenesta på nettsida til Sunnfjord kommune.

Digital kontakt i helse og omsorgtenestene

I tillegg til Svar ut vil vi også på sikt tilby digital meldingsteneste via HelseNorge.no. Tenesta vil vere tilgjengeleg frå januar/februar 24. På Helsenorge.no kan du enkelt og trygt sende og motta meldingar, sjå avtalar, avbestille avtalar og få varsel om utført besøk. Tenesta er ikkje ein akutt-teneste. Du vil finne meir informasjon på heimesida vår, men allereie no kan du gå inn på Helsenorge.no og registrere deg.

VR som førebygging

Utprøving av VR-briller - Klikk for stort bileteUtprøving av VR-briller Sunnfjord kommune

I Sunnfjord Kommune sitt fråværsprosjekt har vi stort fokus på tidleg innsats og førebygging. Vi ser at ein del elevar, då kanskje særleg i ungdomsskulealder, engstar seg for ein del situasjonar i skulen som dei lyt gjennom. Høgt emosjonelt stress er i lengda svært belastande, og her har vi lyst til å prøve ut VR-briller som ein førebyggande strategi.

Elevar som etter samtale med helsesjukepleiar vert vurdert til å kunne ha nytte av slik trening skal få prøve dette ut i trygge omgjevnader. Denne veka har psykolog og helsesjukepleiarar tilknytta ungdomsskulane våre fått opplæring i korleis ein kan bruke VR-briller. Flinke instruktørar frå Fornix tok turen og hadde ei god og til tider underhaldande opplæringsøkt med aktuelle tilsette. Vi har trua på det og gler oss til å kome i gang!

 

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen !

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør