Sunnfjord kommune

Motta elektronisk post frå kommunen

Motta elektronisk post frå kommunen

Sunnfjord kommune nyttar SvarUt-tjeneste. Den formidlar elektronisk post gjennom e-Boks, Digipost og Altinn.

Elektronisk post til privatpersonar

Når vi har sendt post til deg hentar du den i din digitale postkasse eller i Altinn.

  • Du får varsling på SMS eller e-post frå Altinn, e-Boks eller Digipost om at det er sendt eit brev til deg frå Sunnfjord kommune.
  • Du loggar deg inn på  Altinn, Digipost eller e-Boks.
  • Du lastar ned brevet (PDF) frå meldingsboksen din.
  • Hvis det går meir enn to dager før du har lasta ned brevet i Altinn, blir det skrive ut på papir og sendt deg i vanleg post. Hvis du har valgt Digipost eller e-Boks, vil det ikkje bli skreve ut og sendt deg i vanlig post.

Om digital postkasse

Digital postkasse fra e-Boks og Digipost er ei sikker løysning for å motta og oppbevare viktig post fra det offentlege digitalt. Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ønsker.

Om digital postkasse og korleis ein opprettar den

Oppdater kontaktinformasjonen din

Når du har registrert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.

Sjekk at du er oppført med korrekt mobilnummer og e-postadresse i kontakt- og reservasjonsregisteret. Dei fleste kommunane brukar mobilnummeret du har lagt inn i registeret for å kontakte deg når du for eksempel får tilbod om korona-vaksinering. 

Oppdater kontaktinformasjonen 

Elektronisk post til bedrifter og organisasjonar

Når vi sender post til bedrifter vil det ligge ein lenke til brevet i bedrifta sin meldingsboks i Altinn.

  • Bedrifta får varsel på SMS/e-post om at det ligg eit brev frå Sunnfjord  kommune i meldingsboksen. Dette varselet blir sendt til kontaktinformasjonen du har registrert i bedrifta sin profil i Altinn. Der kan bedrifta legge til inntil 20 kontakter.
  • Du loggar deg inn på Altinn som privatperson, og vel å representere bedrifta. For å lese brev må du ha rolla «post/arkiv». 
  • Du lastar ned brevet (PDF) frå meldingsboksen i Altinn.
  • Du vil kun motta brevet digitalt.

Altinn.no