Motta elektronisk post frå kommunenSunnfjord kommune nyttar SvarUt-tjeneste. Den formidlar elektronisk post gjennom e-Boks, Digipost og Altinn.Elektronisk post til privatpersonarNår vi har sendt post til deg hentar du den i din digitale postkasse eller i Altinn. Du får varsling på SMS eller e-post frå Altinn, e-Boks eller Digipost om at det er sendt eit brev til deg frå Sunnfjord kommune. Du loggar deg inn på Altinn, Digipost eller e-Boks. Du lastar ned brevet (PDF) frå meldingsboksen din. Hvis det går meir enn to dager før du har lasta ned brevet i Altinn, blir det skrive ut på papir og sendt deg i vanleg post. Hvis du har valgt Digipost eller e-Boks, vil det ikkje bli skreve ut og sendt deg i vanlig post.Om digital postkasseDigital postkasse fra e-Boks og Digipost er ei sikker løysning for å motta og oppbevare viktig post fra det offentlege digitalt. Det er gratis å opprette og bruke digital postkasse, og du kan lagre breva der så lenge du ønsker.Om digital postkasse og korleis ein opprettar denOppdater kontaktinformasjonen dinNår du har registrert deg i kontakt- og reservasjonsregisteret, kan du få viktige brev og påminningar frå stat og kommune digitalt.Sjekk at du er oppført med korrekt mobilnummer og e-postadresse i kontakt- og reservasjonsregisteret. Dei fleste kommunane brukar mobilnummeret du har lagt inn i registeret for å kontakte deg når du for eksempel får tilbod om korona-vaksinering. Oppdater kontaktinformasjonen Elektronisk post til bedrifter og organisasjonarNår vi sender post til bedrifter vil det ligge ein lenke til brevet i bedrifta sin meldingsboks i Altinn. Bedrifta får varsel på SMS/e-post om at det ligg eit brev frå Sunnfjord kommune i meldingsboksen. Dette varselet blir sendt til kontaktinformasjonen du har registrert i bedrifta sin profil i Altinn. Der kan bedrifta legge til inntil 20 kontakter. Du loggar deg inn på Altinn som privatperson, og vel å representere bedrifta. For å lese brev må du ha rolla «post/arkiv». Du lastar ned brevet (PDF) frå meldingsboksen i Altinn. Du vil kun motta brevet digitalt.Altinn.no Sist endra 02.01.2025 14.13