Nytt frå kommunedirektøren 1. mars 2024

Vi vert fleire i Sunnfjord kommune. Folkevaldopplæring. Klart for ekstern gjennomgang av søknader om utsleppsløyve. Ny miljørådgjevar. Grøderike Sunnfjord. Om skulefråværsprosjektet.

Vi vert fleire i Sunnfjord kommune

No har tala frå Statistisk sentralbyrå kome for fjerde kvartal i 2023 slik at vi har statistikken for heile fjoråret. I Sunnfjord kommune vart det fødd 218 nye innbyggararar, og 167 innbyggarar  døydde i 2023. Dette gir oss eit fødselsoverskot på 51 innbyggarar.

Det var mykje inn- og utflytting i 2023. Gjennom heile året var det 1000 innbyggarar eller flyktningar som flytta til kommunen. Dessverre var det også 821 som utvandra eller flytta frå kommunen i løpet av året. Dette gjev ei nettoinnflytting på 179 innbyggarar.

Sunnfjord hadde altså ein folkevekst på 230 innbyggarar i 2023 som utgjer 1,06 % vekst. Ved utgangen av 2023 hadde kommunen 22 450 innbyggarar.

Folkevaldopplæring

Mange personar rundt bord i møtesal. - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

Onsdag og torsdag denne veka var dei folkevalde samla for å få opplæring i rolla som nettopp folkevald. Det stod fleire ulike tema på programmet. Det første handla rett og slett om kva det inneber å vere folkevald. Andre aktuelle tema som vart drøfta og snakka om var samspelet mellom dei folkevalde, samspelet med administrasjonen og samspelet med lokalsamfunnet. Til det siste fekk vi besøk av nyhenderedaksjonen i Firda. Det vart to dagar med gode refleksjonar og drøftinga om rolla som folkevald. Kristin Maurstad frå Kinn kommune og Tom Gundersen frå KS Vestland var prosessrettleiarar begge dagane.

Ekstern gjennomgang av søknader om utsleppsløyve

No er konkurransegrunnlaget for den eksterne gjennomgangen av handsaminga av søknadar om løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustader og fritidsbustader med meir i perioden 2020–2023, lagt ut til kunngjering i DOFFIN basen. I denne basen som er offentleg, kan konsulentar og andre som er interesserte, gå inn og sjå på sjølve konkurransegrunnlaget, kva arbeidsoppgåvene består av, kvalifikasjonskrav, tildelingskriteria og tidsfristar.

Frist for innlevering av tilbod er i slutten av mars månad, og arbeidet som skal munne ut i ein rapport, skal vere ferdig til 1. juni 2024. Det er totalt 81 saker som skal sjåast på av den tilbydaren som vert valt, dvs. absolutt alle sakene som er handsama i kommunen frå 2020–2023. Vi ser fram til at arbeidet tek til.

Ny miljørådgjevar er tilsett

Sunnfjord kommune har no tilsett Bjørn Leon Rusken som ny miljørådgjevar. Han skal arbeide med mellom anna saker om løyve til utslepp av sanitært avløpsvatn frå bustader og fritidsbustader med meir. Bjørn Leon kjem frå ei liknande stilling i Askvoll kommune. Han har solid utdanning og kompetanse innan fagområde. Han vil byrja i stillinga 1. juni. Vi ønskjer velkomen til Sunnfjord kommune.

Grøderike Sunnfjord

Denne våren startar vi med nytt folkehelseprosjekt med fokus på dyrking av nyttevekstar og blomster. Kommunen har mange grøne ubrukte plassar vi vil ta i bruk.

Målet er mellom anna å gjere nærmiljøet vårt vakrare, samt vere ein bidragsytar til å vere ein møteplass og formidlingsarena for hage -og dyrkingsinteresserte.

Først ute er området rundt Prestebøen 8 i Førde. Her etablerer vi ein liten hage med pallekarmar og sitteplassar. Vi planlegg nyttevekstar som til dømes poteter, sukkererter, purre og ulike urter, samt fleire blomar. Er dette noko du vil vere med på ? Vi trenger ein, eller fleire, som vil vere med som bidragsytar.

 Les meir om Prosjekt Grøderike Sunnfjord

Skulefråværsprosjekt med VR

Person som brukar VR-briller - Klikk for stort bilete Sunnfjord kommune

I skulefråværsprosjektet vårt er det ein del spanande tilleggsaktivitetar. Sist måndag var den fjerde temakvelden i rekka. Kveldens fokus var angst og nervøsitet i klasserommet, og korleis vi kan legge til rette i skulen for dei elevane som strevar.

Eit av underprosjekta våre er knytt til nettopp dette. Som tidlegare nemnt i fredagsbrevet jobbar kommunen i desse dagar med å etablere eit psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Noko av det ein skal tilby her er meistringstrening på situasjonar der ungdom opplever mykje nervøsitet og stress, og det skal vi gjere gjennom VR-briller. Over dei neste vekene vert det opplæring og trening av tilsette som skal tilby dette, og vi gler oss til å komme skikkeleg i gang!

Les meir om prosjektet: Førebygging av langtidsfråvær i grunnskulen

Og du – om du vil følgje med på fråværsprosjektet, så har vi eigen Instagram!

Plan for helga?

Dersom du ikkje har bestemt deg for kva du skal bruke helga til, kan du kanskje få ein idé ved å sjå gjennom ulike kulturhendingar og anna som skal skje. Her kan du i alle fall sjå gjennom aktivitetskalenderen!

 

God helg til alle!

Terje Heggheim
Kommunedirektør

Kontakt

Profilbilde av Terje Heggheim
Terje Heggheim
Kommunedirektør
E-post
Telefon 91 10 12 66