Prosjekt Grøderike Sunnfjord

Denne våren startar vi eit nytt folkehelseprosjekt med urbant landbruk der vi satsar på dyrking av nyttevekstar og blomster. Målet er å gjere nærmiljøet vårt vakrare, og bidra med møteplass og formidlingsarena for hage -og dyrkingsinteresserte. 

Nærmiljøhagen Prestebøen 8

Mange har flytta i mindre leilegheiter og saknar ein hage, og det kan vere behov for å treffe andre med interesse for dyrking.  Vi lagar ein hage for alle med fokus på dyrking, matkultur, samskaping for å auke trivsel i Førde by.

Ta kontakt om du vil vere med eller møt oss i nærmiljøhagen.

Aktivitetar i nærmiljøhagen

Sjå aktivitetskalenderen for aktivitetar i nærmiljøhagen


 

Sjå aktivitetskalender

Søker etter frivillige i nærmiljøhagen i juli

Klikk på boksane for å sjå bilder frå arbeidet med nærmiljøhagen

Nærmiljøhagen – bakgrunn

Sunnfjord kommune har søkt om tilskot, og fått tildelt midlar til berekraftig samfunnsutvikling med fokus på helseskilnadar, til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivst, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv. Midlane er gitt av Vestland fylkeskommune. 

Sunnfjord kommune ønsker å legge til rette for auka trivsel og attraktivitet i ein fortetta Førde by. Vi har parkar og byrom som har potensiale til å få auka innhald og liv. Dersom vi klarer å auke engasjement for å skape noko i fellesskap, vil prosjektet kunne bidra til eit meiningsfylt liv for fleire i samfunnet. Prosjektet skal skape attraktive hagerom for dyrking, nettverksbygging, samskaping og matkultur. Tilbodet skal vere tilgjengeleg, ha universell utforming, og vere inkluderande og nært.
Grøderike Sunnfjord skal vere klimasmart, bidra til sosial utjamning, vere miljøvenleg og berekraftig, samt utvikle Førde by med auka trivsel. Det er viktig for ein stor landbrukskommune som Sunnfjord å bidra til å føre vidare kunnskap om dyrking, også for dei jordlause i by. Med bakgrunn i kommunen sin plan om kultur, frivilligheit og inkludering er det også eit ønske om å redusere sosial ulikskap. Alle kan delta. Fokus på biologisk mangfald og betre tilhøve for pollinerande insekt; natur inn i det urbane. 

Rabarbra. Fotograf: Gregory Idehen - Klikk for stort bilete



Første del av prosjektet er nærmiljøhagen på Prestebøen 8

 

Fakta om nærmiljøhagen

  • Pallekarmane er levert at teknisk og miljø i Sunnfjord. Dei har samla opp etter varelevering. 
  • Det er 2 nyinnkjøpte pallekarmar frå Plantasjen for å supplere (nr. 1).

Oppbygging av innhaldet i pallekarmane

  • Under pallekarmane har vi lagt papp, dette for å ikkje øydelegge jorda. Pappen er frå Førde omsorgssenter gjenbruk, etter varelevering. All plast er fjerna. 
  • Lauv, små kvister og hageavfall
  • Saueull for å halde på fukt, henta på Nortura i Førde
  • Jord og kukompost er levert og fordelt av Førde VGS avdeling Mo. 

Planteoversikt – pallekarmane

Tre generasjonar som plukkar moreller. Foto: Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Dyrke eigen mat

Vi er ein landbrukskommune, men  det er mange som ikkje lenger dyrkar sin eigen mat. Mange har flytta i mindre leiligheiter og saknar ein hage. 

Vi veit at folk bur tettare i Førde tettstad og at det kan vere behov for å treffe andre med interesse for dyrking. 

Prosjektet skal formidle kunnskap mellom generasjonar. 

Hovudmål

  • skape attraktive by og tettstader med lågterskel møteplassar for alle generasjonar for å redusere sosial ulikskap. Vi prøver ut piloten i Førde by med overføringsverdi til andre tettstader i kommunen.
  • skape aktivitet og bidra til kunnskapsformidling i dyrking av nyttevekstar mellom eldre, barn og unge.
  • skape nettverk mellom aktive bønder, jordlause, frivillige og eigedomsutviklarar.
Bringebær i skål med hage bak. Foto Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete
Potet i bøtte. Foto: Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Delmål

  • Ta i bruk grøntområde rundt kommunale bygg, anlegg, parkar og grøntområde som ligger brakk.
  • Auke kunnskap om hagebruk og betre livskvalitet – eit folkehelseprosjekt.
  • Auke inntak av grønsaker. Formidle matkultur.

Forventa verknad av arbeidet

  • auka aktivitet i uterom i Førde by og i tettstadane rundt
  • fleire lågterskel møteplassar på tvers av generasjonar
  • kunnskapsformidling mellom generasjonar
  • auka rekruttering til landbruket
Kålrot i bøtte. Foto: Sunnfjord kommune - Klikk for stort bilete

Sjå oversikt over grøne område i sentrum

På bilde ser du litt av dei grøne plenene som står unytta i Førde - Klikk for stort bilete Kartutsnitt

Kontakt

Catrine Vagstad
Rådgjevar folkehelse og plan
E-post
Telefon 57 61 25 99

Saman skapar vi gode kvardagsliv