Bakgrunn for rulleringa
Kommunestyret har vedteke å gjennomføre ei enkel rullering av gjeldande samfunnsdel. Dette inneber at planen ligg fast i hovudtrekk, men er oppdatert og spissa for å møte dagens utfordringar og behov.
Planforslaget byggjer på gjeldande samfunnsdel og vidarefører:
- hovudmål og overordna retning for samfunnsutviklinga
- sentrale strategiar knytt til gode kvardagsliv og rolla som regionmotor
- prinsippa i arealstrategien
Rulleringa har særleg hatt fokus på:
- tydelegare prioriteringar og spissing av mål
- oppdatering av kunnskapsgrunnlag og utfordringsbilete
- tilpassing til nye nasjonale og regionale føringar
Kva er ei enkel rullering?
Ei enkel rullering er ei avgrensa oppdatering av planen. Det betyr at det ikkje er opna for større endringar i planens struktur, hovudmål eller overordna strategi.
Kva kan du gi innspel til?
Vi ønskjer innspel som bidreg til å forbetre og presisere planforslaget innanfor rammene av enkel rullering. Dette kan til dømes vere:
- presiseringar av mål, strategiar og prioriteringar
- forslag til justeringar i tekst for å gjere planen tydelegare og meir treffsikker
- innspel til gjennomføring, oppfølging og samarbeid
Kva ligg utanfor høyringa?
Innspel som inneber vesentlege endringar, vil i utgangspunktet ikkje bli følgd opp i denne rulleringa. Dette gjeld til dømes:
- nye hovudmål eller endra retning for samfunnsutviklinga
- større endringar i planstruktur eller temainndeling
- forslag som bryt med overordna strategiar eller arealprinsipp
- omfattande nye tema eller satsingsområde som krev full revisjon
Slike innspel kan bli vurdert ved seinare full revisjon av kommuneplanen.
Høyringsfrist og innsending 15. september
Du kan sende innspel i elektronisk i skjema:
Send innspel til 20/3398
Du kan også sende innspel på eDialog eller per post , då må du merke saka med saksnummer: 20/3398
- eDialog
- Sunnfjord kommune, Postboks 338, 6802 Førde
Merk innspelet med: “Høyring – samfunnsdel 2026–2032 - sak 20/3398"
Vidare prosess
Etter høyringa vil innspela bli vurderte og eventuelt innarbeidde i planforslaget før endeleg behandling i kommunestyret.