eDialog – Send oss post heilt trygt!Du kan no sende post til kommunen på ein sikker måte. Ved å bruke eDialog kan du trygt sende oss alle typar brev - også om brevet inneheld sensitive opplysingar.Korleis bruke eDialogGå til eDialogLogg inn med ID-portenDu kan no skrive og laste opp vedlegg i skjemaet. Du kan også svare på post frå kommunen på denne måtenSlik brukar du skjemaetFyll ut obligatoriske felt (merka med raud *)Vel om du er privatperson eller verksemdSkriv i «Tittel» kva saka gjeld – gjerne med saksnummer frå kommunen sitt brevI «Kommentar» fyller du ut svaret dittDu kan laste opp vedlegg til brevet. Dei vanlege filformata er støttaKlikk på «Send». Sendinga vert då kryptert og sendt direkte til Sunnfjord kommune. Du får kvittering med referansenummer på SMS eller e-post Sist endra 05.06.2025 11.22