Detaljregulering Skyttarkvia 15 – planvedtak

Sunnfjord kommunestyre vedtok Detaljregulering Skyttarkvia 15, gbnr. 22/42 i møte 18.juni 2026.

Bilde viser plassering av eigedomen på Skyttarkvia - Klikk for stort bilete Henta frå GISLine

 

Vedtak i kommunestyret 18.juni 2026

Sunnfjord kommune vedtek detaljregulering Skyttarkvia 15 plankart datert 26.02.2026 og føresegner revidert 13.05.2026, i samsvar med pbl § 12-12.

Kort om planen 

Planframlegget legg til rette for m.a. etablering av av ein einebustad, jf. vedtak i
dispensasjonssak av 17.april 2024 «Formannskapet ser alvorleg på brot på plan og
bygningslova. For å ordne opp i forholda vert det gjeve mellombels dispensasjon på 2 år. Før
den mellombelse dispensasjonen går ut, må det føreligge ein vedteken reguleringsplan av
eigedomen med mål om at bygget får stå som bygd. Ein dispensasjon på dette grunnlaget og
med desse vilkåra, vil etter kommunen sin vurdering ikkje vesentleg tilsidesette omsyna i
arealdelen. Utnyttingsgraden på tomta er låg og storleiken på tomta fører til at søkte tiltak
gjev eit bebygd areal (BYA) på 23,1%. Bygningen overstig heller ikkje grensa for BRA som er
350 m2. Oppstart av planprosessen må skje så snart som praktisk mogeleg og seinast innan
1. september 2024.»

Sjå viktige dokument i saka

Plankart og føresegner vil vere juridisk bindande, medan andre dokument er av opplysande art.


 Sjå alle dokument frå politisk behandling

 

Klage på vedtaket

Du har rett til å klage på vedtaket dersom du er part i saka, eller har rettsleg klageinteresse i saka, jf. plan- og bygningslova § 1-9 og forvaltningslova kap. VI.

Les meir om klage på plansaker

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker frå kunngjering. 

Klagen stilast til Statsforvaltaren i Vestland, og skal sendast til Sunnfjord kommune og merkast med saksnummer: 24/11903.Du kan enten sende klage på eDialog eller per post:

  • eDialog
  • Sunnfjord kommune, Boks 338, 6802 Førde

 

Meir informasjon om saka

 

Lovverk

plan- og bygningslova § 12-12
plan- og bygningslova § 12-4
plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3