Detaljregulering Jølstraholmen Camping og Hytter – til høyring og offentleg ettersynFormannskapet i Sunnfjord kommune vedtok 26.06.2025 å legge ut Detaljreguleringsplan for Jølstraholmen, fritids- og turistføremål, gbnr. 359/50 m.fl., ut på høyring og offentleg ettersyn etter plan- og bygningslovens § 5-2 og § 12-10, med føresegner sist revidert 09.05.2025 og plankart datert 02.05.2025. Med følgjande tillegg til føresegn:§ 7.2 Trinnvis utvikling§ 7.2.1 Før det kan gjevast igangsettingsløyve for nye søknadspliktige tiltak etter PBL §20-1 i område FTU2, skal det føreligge trafikkanalyse som avgjer om kryss E39 - Bjørkelia skal vere bygd etter krav sett i Statens vegvesen si handbok N100.Høyringsperioden er 03.07.2025 – 21.08.2025. Asplan Viak Kort om planenDetaljreguleringsplanen skal legge til rette for ei heilskapleg utvikling av campingplassen ved å tilby tilkomstsenter, servering, utleigehytter, parkeringsplassar for bil og oppstillingsplassar for sykkel, vegar, grøntstruktur og friområde. Ved varsel om start av planarbeid vart eksisterande campingplass nord for Jølstra varsla saman med eit større område på sørsida elva Jølstra. Området på sørsida er i AR5 markert som myr og skog. Innkomne merknadar til planstart var kritiske til nedbygging av dette området, og arealet sør for elva er ikkje med i planframlegget som vert lagt ut på høyring. Sjå viktige dokument i saka:Alle plandokument Saksframlegg/ møteprotokoll Plankart Føresegner PlanomtaleSei di meining innan 21. August 2025Elektronisk skjemaOm du ikkje kan nytte elektronisk skjema kan du sende innspel per post til:Sunnfjord kommunePostbok 3386802 FørdeEller på e-DialogInnspelet skal merkast med saksnummer 23/4962Har du spørsmål?Du kan ringe eller sende e-post til Helge Alme om det er noko du lurer på.TelefonE-post Publisert 03.07.2025 11.06